- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
10

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hendene som var pålagt til straff; men
stormannsarbei-det, det var høgt og fint, og gav dertil ære og gode
dagar. Og då han sidan ein gong i kyrkja fekk høyra
att det salmeverset um, at «Gud giver sine baade Klæder
og Fød’, naar de monne sødelig so—ove*, so skyna han
med ein gong, at det var prestane og dei høge som
Gud heldt for «sine» og gav mat og klæde medan dei
låg og sov; å, den som kunde koma i deira lag. Ja
um ein berre kunde bli skulemeister! —

— Ætti på Sørbraut var ikkje gamal; dei mintest
ikkje lenger att-ende enn ti! farfar hans Ole Johannes.
Men det skulde ha vore ein raring. Han fiadde vore
ute i kongens teneste; og då han kom heim att, var
han so klok vorten, at han meinte han skulde kunna
få til eit gangverk som gjekk av seg sjølv. Dette fekk
han ikkje til; men han skulde ha laga i hop mange
snodige greidor. Son hans heitte Dagfinn; det var
honom Daniel var uppkalla etter; han hadde vore
skat-tegravar. Alle dei haugar som på garden fanst, hadde
han rota upp-, men han hadde ikkje funne anna enn
noko gamalt jarnskrap. Og garden hadde han ikkje
brytt seg um. So kom Ole Jonannes. Han hadde
vore skulemeister i ungdomen og galdt for ein klok
mann. Men stilt for han og smått; og ein arbeidar
var han so trugen som ein træl; og dei sa han hadde
arbeidt seg so vidt upp no, at han mest var skuldfri
på garden. Han hadde tri søner. Den eldste, han
Elias — «Lias», som han heitte til kvardags —, var ein
tung slamp, men ein arbeidstræl liksom faren; den
andre, han Jeremias, hadde fare til sjøs og vedkjem
ikkje denne soga; etter Jeremias kom ei dotter, Naomi,
som «hadde vore so sæl at ho hadde fenge døytt»; so
kom Judit; og so Daniel. Han svipa visst attpå gamle
Dagfinn; for det var hovud på han, sa folk; han «var
den klokaste i heile huset». Det var ikkje nok med at
han kunde lesa og skriva og rekna med; «han var so
brennande god til å svara or grunnen»; «det var som
han kunde vera son åt presten mest». Men arbeidshug

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free