- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
11

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde han ikkje; «han kunde visst ha best hug til å
vera skattegravar liksom den han heitte etter».

Men større draumar voks hjå Daniel.

Det gildaste og gjævaste som fanst, det var dette
store strålande — tårn, liksom, av makt og glans, som
bygde seg upp i landet frå lensmann og skulemeister
gjenom prest og fut og skrivar og amtmann høgre og
høgre, meir og meir glimande, like upp til kongen, som
stod øvst på toppen og var klædd i berre gull. Dei
som høyrde med i dette tårnverket var store og
mektige og fine og kloke; men dei som ikkje fekk vera
med der, dei var liksom Israels born i Egypt, då dei
gjekk og reidde leir for kong Farao. Berre å fa sjå
desse kongens tenarar i deira fulle glans totte Daniel
var ei høgtid. Som dei steig fram for den glåpande
mugen i sine herrelege klædningar, strake og høge, med
glinsande blanke støvlar, med snøkvite kragar um hals
og hender, med blanke brillor yver morske andlet og
med gullkjedor og gullringar både her og der, syntest
dei for Daniel som noko himmelsk og forunderleg, som
han aldri kunde sjå seg mett på. Og so audmjuke
som folk stod, når desse storkarane viste seg, og so
bøygd og liten som jamvel den gildaste bonden vart,
berre han skulde tala med ein av deira kontorgutar!
Det var karar som hadde makt. Og so fint som dei
tala! Eit høgtidsmål var det; det reine gudsord mot
vått tunge seine bondemål. Og so lærde og kloke som
dei var. Når dei tala til ein, galdt det berre å vera
gløgg til å forstå, og snøgg til å samtykkja. Dei lika
det, desse store, når folk forstod dei straks, og sa ja
med same; for so slapp dei å segja det uppatt. Og
um ein kann henda hadde ei onnor meining, so måtte
ein aldri vera so styven at ein kom fram med den so
dei høyrde det; nei med kongens tenarar galdt det å
fara fint; for dei bar ikkje sverdet forgjæves, som det
stod i katekisma. Det var noko med det fyrste ein
laut læra, det, at ein aldri måtte motsegja ein storkar.
Og enn slik som det var å koma inn til desse folkl
Daniel hadde vore med far sin på prestegarden eit par

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free