- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
14

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gut med gode gåvor. Kapellan Hirsch vart so glad
som han skulde ha funne gull. Og han sette seg fyre
at han vilde freista å løysa denne bundne krafti. Eit
stort verk vilde det vera. Ein einaste mann som gjekk
frisk og sterk fram av folkegrunnen, vilde kunna gjera
meir enn nokon av oss andre i det nasjonale
atter-fødingsarbeid; det skulde me her med Guds hjelp få
sjå.

— Då Daniel var konfirmera, fekk kapellanen ein
sundag fat i far hans med kyrkja. Og han talde for
Ole Johannes det beste han kunde: denne guten burde
ein sjå å få hjelpt fram. Ole Johannes vart so fornøgd
yver dette, at det var so han raudna i sine gamle
kjakar. Men det vilde no vel bli for dyrt? Kapellanen
svara, at han vilde lesa med guten sjølv so langt han
kunde, og det skulde ikkje kosta nokonting. Då blenkte
det sterkt upp i augo hans Ole Johannes Sørbraut.
Dessutan, heldt kapellanen fram, skulde han tala med
klokkaren, so Daniel kunde få gå fritt på klokkarskulen;
det var mangt han best kunde læra der. Ja dette var
fælt snildt av presten, sa Ole Johannes. Reint overlag
snildt var det; men .... var ikkje presten redd det
kunde vera fårleg for guten å få so mykje verdsleg
kunnskap? — Nei; kapellanen meinte at mykje kunnskap
gjorde ein mann godt; det var liten og falsk kunnskap,
som «uppblés». Ja, ja; presten forstod no det best han.
Men trudde presten, at det kunde vera råd, at guten
kunde . . . koma so langt fram? — Ja; kapellanen
trudde han kunde koma langt fram. Han vart sistpå
trøytt av* aile desse åndlause motlegg og tvilsmål hjå
denne bonden; han sa han totte ikkje Ole Johannes
burde setja seg imot dette, når han so tydeleg såg det
var Guds vilje; han skulde tenkja Vårherre kann henda
hadde større tankar med guten enn han kunde forstå.
Då Ole Johannes høyrde dette, gav han seg. Tilbodet
var no og so godt, at i grunnen kunde ein ikkje bjoda
det av. So gjekk Ole Johannes heim både byrg og
uroleg yver det som i dag var avgjort. Men
kapellanen var glad som ein landvinnar. Det skulde bli eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free