- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
15

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

herleg arbeid å få så og planta i slik ei naturfrisk
barnesjel.

Daniel var som ør av glede. Han gjekk og lo ein
heil dag. At slikt kunde henda! At han, som berre
var ein stakkars bondegut, kunde hava slik ei lukke!
Å Gud velsigne den presten Hirsch; han vilde aldri
gløyma presten Hirsch dette; nei aldri. —

Ein dag uti vika rusla gamle Ole Johannes på bygdi
og lånte seg nokre dalar, som skulde vera til bøker.
Det var som heile huset kom i høgtidslag. Men ute på
bygdi tala dei no med forundring, og helst med fliring,
um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv at han
vilde bli prest.

II.



Var kapellan Hirsch glad for han hadde råka på ei
bundi kraft, so var han ikkje minder glad for at han
skulde få prøva sin nye metode.

For den visste han var god. Det var den naturlege.
Den, som alle meistrar i uppfostringskunsti hadde bruka.
Han vilde ikkje plugga guten full av bokstavar; han
vilde læra han livsvisdom. Dyrka hans hjarteliv som
hans tankeliv; læra ’n å kjenna og elska ånd. Ei frisk
naturkraft soleis fostra, den måtte veksa seg fram til
noko ut-ifrå.

Daniel kom til presten i glade og urolege tankar.
Han venta seg leksor so lange som kyrkjevegen, og ei
utspyrjing so streng som på domedag. Men so fekk
han høyra at dei ikkje skulde bry seg med leksor. Og
i staden for å spyrja sette kapellanen seg til å fortelja.
Han ikkje so mykje som bad Daniel «høyra vel etter»
dessmeir, so han kunde «hugsa det til næste gong».
Daniel undrast med seg. Kunde slikt bera fram til
lærdom og eksamen?

Nå; kapellanen skyna vel det best, han. Kapellanen
visste nok kva han gjorde. Det var kann henda på den
måten dei tok det, desse fine; dei brydde seg vel ikkje
um å træla med leksor og slikt dei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free