- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
16

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men då kapellanen ein dag fortalde han, at den måten
dei her bruka, ikkje var den vanlege latinskulemåten,
vart Daniel uroleg. Han stirde med store augo på denne
mannen som våga å bruka sin eigen skikk og trudde
seg klokare enn både bispar og prostar. I grunnen
vilde Daniel helst havt det som ein vanleg latinskulegut.
Og han hadde kjent seg tryggare, um han hadde visst
dei gjekk fram på den fyreskrivne måten. Men ein
kunde ikkje segja slikt til kapellanen. Han slo seg til
ro og såg på læraren sin med augo som sa: «du veit
det best; gjer med meg som du synest.»

Det var soga kapellanen i dei fyrste timane dreiv på
med. Daniel hadde kvar gong den tyske mållæra med
seg, og la ho på bordet framfyre seg som ei tagal bøn;
for so lenge han ikkje kunde tysk, var han ikkje klokare
enn andre bønder. Men kapellanen let det tyske liggja.

Dess meir fortalde han um våre gamle fedrar. Og
serleg la han ut um trui åt desse fedrane. Fram steig
dei for Daniel i lysande rad, desse høge «aser», som
han aldri fyrr hadde visst var til; gud etter gud kom
dei strålande, fyrst tri i talet, sidan tolv, og «åsynjene»
med, store og fagre, med lysande hår, med gulltåror,
med åsyn ljose som dag-randi, med augo so klåre som
dei bleike stjernor. Og Odin sat høg i Hlidskjalv med
sine ramnar; han såg ut-yver verdi og visste alt. Men
Tor rulla rundt i kring alle himlar og slo jotnane i stein
med hamaren sin. Balder var den milde ljosguden som
skifte rett millom alle, men laut døy for Lokes list og
fara til Hel; Frøy var gud for gode år og ein veldig
herre, men gav burt sitt gode sverd av elsk til ei gyger.
Daniel hadde aldri høyrt slikt; han sat og lydde, so
han gløymde både det tyske og alt anna; han stirde
på læraren sin med augo so blide og trufaste som augo
på eit barn eller ein hund.

Det var eit par forunderlege augo, tenkte kapellanen.
Dei hadde noko ved seg som han lenge ikkje fann ord
for; men endeleg forstod han det: dei viste slik ei gåve
til å tru. Men var det ikkje nettupp den gåva tidi trong
um? Stålsliti og sjuk låg ho og geispa etter tru som fisken

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free