- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
17

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på land etter luft; gjenom alle sine dikt skreik ho etter
vilje og tru; den som skulde kunna frelsa no, måtte
vera mannen med barnetrui. Og den hadde bonden.
Vårherre hadde stelt det so godt for dette landet, at
når trui dovna av i dei øvre lag, so kunde dei nedre lag
stiga fram og frelsa; det var dette som fyrst og fremst
gjorde bonden til vår framtidsvon. Alle store gåvor
nytta lite utan den sterke, hugheile trui; men med den
skulde bonden, rik på kraft som han elles var, byggja
det nye Noreg.

Kapellanen heldt lenge på med den «nordiske
gude-tru». I den levde vår gamle folkeånd sterkast og
klårast; gjenom den var det at nordmanna-anden skulde
vekkjast på nytt. Og han såg at ho grodde i det unge
sinn. Det var forunderleg, det var styrkjande å sjå,
kor lett denne unge sonen kjende seg att i tankeheimen
åt sine fedrar.

Men Daniel var upp i under yver all den visdomen
som fedrane hadde lagt ned i gudelæra si. Han gjekk
heim frå desse timane i djupe gamalnordiske draumar
og tenkte med seg, at dei gamle nordmennene laut ha
vore anna til karar enn desse kruslingane no for tidi.

Men då han ein dag fortalde mor si kva han lærde
hjå presten, vart ho forskræmd og spurde um presten
vilde gjera han til heidning. Han måtte telja for henne
både lenge og vel, fyrr ho vart roleg; og han tala aldri
um dei «høge aser» heime meir. Men di minder han
torde fortelja, di meir drøymde han.

Ole Johannes spurde ender og då etter um han lærde
mykje tysk. Då var Daniel i beit. Men han fann på
å segja at det var so mykje ein måtte læra fyrr ein
kunde taka på tned det tyske; og det lét Ole Johannes
seg lita med. På same måten greidde Daniel seg, når
bygdefolk spurde um dette. Vilde nokon vita kva det
var ein laut læra fyrr ein kunde byrja med tysk, svara
Daniel at det var «grammatikk og slikt noko»; det visste
han at ingen skyna.

Det dei dreiv mest med jamsides soga var
cmoders-mål». Her vilde kapellanen heller ikkje taka det på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free