- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
18

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

latinskulemiten. Dei skulde ikkje «pugga grammatikk».
Det naudsynlege av den kunde Daniel få inn etter kvart;
innhaldet, tankane, åndi var det som det galdt å få tak i.

Den skatt av store, vekkjande tankar som me åtte i
vår «nordiske skjaldskap», var so rik at når me rett
eigna den til oss, so kunde me hjelpa oss utan lån frå
Tyskland eller Rom. Og då kapellanen tok til å gå
gjenom «skjaldar» med guten, vart det ånd nok. Mest
dreiv dei på med soge-dikting. Slike som Holberg og
Wessel vart lett yverfarne, endå kapellanen roste dei
sterkt; dess djupare grov dei seg ned i Oehlenschlåger
og Grundtvig. Daniel som fyrr ikkje hadde lese anna
enn bøner, preikor og Olger Danskes krønike, vart
forundra; kunde beintfram folk skriva so djupe ting? Men
han fekk vita at skaldane var ikkje beintfram folk. Dei
var inspirera. Og det totte Daniel var rimeleg.

Sidan las dei nyare norske diktarar; den åndfullaste
av desse var Bjørnson. Men då dei kom til
folke-even-tyri og folkesegnene, lika Daniel seg best. Her fekk
kapellanen inn so mykje ånd, at heile verdi tok til å
livna; ijelli stod og tenkte; skogen fortalde eventyr;
havet sukka i lange dønningar og song um uendelege
ting; langt upp i lidom gjekk huldri og lét på lur;
tussefolket heldt dans i haugar og hamrar; under fossen
sat grimen og spela so allting grét; ute på det bleike,
måneljose havet låg havfrua den fagre og lokka og song,
so sjøgutane fekk hjarte-ilt av elskhug. Det måtte vera
underleg å vera skald, so ein kunde få høyra slikt!

Etter kvart fekk Daniel inn heile den draumrike visdom
som læraren hans levde på.

Det stod ikkje godt til i landet i desse tider. Folket
sov; folket låg i dvale; trollham var kasta på det; det
var kome ned i noko vondt og fælt som kapellanen
kalla materialisme; visste ikkje lenger um ånd. Og so
lenge so var, kunde ingen «Pintse-vind» blåsa liv i dei
daude bein ut-yver landet.

Synkvervt og ørt gjekk folket og grov i moldi og
tenkte på den stakkars maten. Ikkje ein draum hadde
det um kva sant menneskeliv var. Inkje høgare hug-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free