- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
19

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mål; inkje sans eller syn for det som var stort og høgt
og edelt på jordi; berre denne trælesut for det som
gav i gryta og fyllte i pungen, denne trongsynte
tanken på det «nyttige»; kapellanen frynte helst, når han
remnde det ordet. Åndlaust matstrev låg som ei våbøn
yver landet; det gjorde folk til trælar, til dyr; folket
låg som trollbunde, som trollsmurt under denne
Loke-makt. Det galdt å ringja folket ut or berget;
nord-manna-anden frå fedratidi måtte upp; stordåd, soge,
song måtte vakna til nytt liv. Og gjenom alt måtte
den sterke apostoliske kristentru gløda som den avlande
livskraft, so at salmen og folkevisa, soga og trui, det
gudelege og det folkelege, kunde klinga saman heilt og
fullt; daa vilde åndi på nytt slå ut sine venger; då
vilde Noreg vera atterfødt.

Daniel totte han forstod dette. Var det ikkje det
same som han sjølv hadde tenkt, um han ikkje hadde
sét det so klårt eller funne slike ord for det? Han kjende
seg reint glad. Aldri hadde han sét på læraren sin
med blidare augo; og aldri hadde læraren vore vissare
på, at det i læreguten hans glødde ein heilag eld, som
ein gong vilde slå ut i song eller dåd til glede for
landet.

— Det gjekk eit halvt års tid; då kunde ikkje
kapellanen drygja lenger med det tyske. Men det vilde
han heller ikkje taka på den åndlause latinskulemåten.
Latinskulen var i det heile eit syrgjeleg hol, lét han
um. Det var ikkje ein skule for ungdom; det var ein
skule for kaldklokskap og åndsfiendskap. Difor såg me
då og, dessverre, at so mange av våre embetsmenner
var på matstrevarsida i den store åndsstriden. Dette
forstod ikkje Daniel. Kunde rike og lærde folk vera
matstrevarar? Ja; når kapellanen sa det —. Og han
fekk nok vera glad at han vart førd ein betre veg fram.
Elles hadde han ikkje nettupp vore redd for å læra
leksor.

Dei brydde seg inkje um den tyske grammatikken.
Tok til med leseboki; mål lovene fekk dei læra gjenom
målet. Kapellanen las upp og umsette; Daniel gjorde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free