- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
21

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vyrdsamt tok han næste dag Cæsars Bellum Gallicum
under armen og strauk til kapellangarden.

Men då han kom dit, fekk han høyra at det gamle
romarfolket hadde vore eit røvarfolk; den romerske
bok-avlen var ei åndlaus herming etter den greske; det var
unaturleg og meiningslaust for oss nordbuar å lesa latin.
Dette kunde Daniel ikkje skyna. Når kapellanen sa
det, so laut det vera sant; men han fekk venta med å
forstå det til dess han vart eldre.

Det varde likevel ikkje lenge fyrr han kom etter at
kapellanen hadde havt rett. Latinen var i alle måtar
so reint motsett alt det som me bruka, so heilt på
tvert av vår tenkjemåte, at ein aldri skulde sjå slikt.
For det fyrste var ordi urimelege. At eit land skulde
heita terra eller ein by urbs, det var ikkje likt til nokon
ting. Her nytta det ikkje å gissa seg fram ; kvart einaste
ord laut ein beint fram læra. Men endå galnare var
det med setningane. Dei var so ihopvovne, og ordi var
slengde um kvarandre på ein so vill måte, at det var
mest uråd å få skil på deim att. Predikatet kunde stå
fyrst i setningi, og so kunde subjektet koma midt ned
på bladet ein stad; og stundom var det ikkje noko
subjekt! Han hadde aldri set slikt. Og so
grammatikken. For her måtte han lesa grammatikk. Det
nytta kje med metoden; få ånd inn i åndløysa var
vonlaust, som kapellanen sa. Det galdt å lesa med
vit; Daniel måtte ikkje pugglesa. Men «sjå på»
grammatikken måtte han; og det både stødt og stendigt. Og
fæl såg den latinske grammatikken ut. Fire
deklina-sjonar! Seks kasus! Og tvo-tri undantak frå kvar
regel; og undantak frå kvart undantak att; og so
burt-etter i endeløysa! Daniel såg seg mest yvergjeven.

Ikkje var der noko vidare ånd i det dei skulde lesa
heller. Daniel hadde venta seg djupe tankar og høge
syner og vedunderlege sogor av eit reint nytt slag, og
so fekk han ei vanleg turr kvardagsskildring av nokre
småkrigar og slag millom romværingar og villmenner
upp i Gallia. Var det nokon ting? Daniel hadde lese
mykje gildare krigsskildringar i «Almuevennen».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free