- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
22

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So vart det stort strev og liten framgang med latinen.
Men kapellanen brydde seg ikkje so mykje’ um dette.
At den naturfriske bondeguten greidde seg klent i latin
var i grunnen berre eit merke på, kor sterkt det
romerske laget bar heile vår nordiske ånd imot. Og han
trøysta Daniel med, at han lærde alltid nok latin til å
få artium med. Det var ikkje verdt å kasta burt for
mykje av sin ungdom på noko som ikkje styrkte, men
snarare kvakla burt vår nordiske ånd.

Det laut i det heile gå som det kunde med både eit
og anna i denne fyrste tidi. Det Daniel lærde mest av
var soge. Kapellanen fortalde godt; og Daniel fylgde
med. Det var lett, dette, og greidt å hugsa; og gløymde
han noko, var det berre å sjå etter i boki.

Og so lærde han å drøyma. Han drøymde um
hul-dri og um Inga Holm, og dei tvo vart meir og meir
eitt. Han drøymde og um alt det store og gode han
vilde gjera, når han vart student eller prest; av skaldane
og av kapellanen fekk han vita, at ungdomsdraumane
høyrde med til det største i livet. Ingen vart ein rett
mann som ikkje hadde drøymt i sin ungdom. Og når
kapellanen fortalde Daniel um studentlivet, sa han gjerne,
at det som gav dette livet sin glans og si høgd, det
var dei ungdomsdjerve draumane. Til studentlivet høyrde
glede, song, frisk skjemt, god kameratskap; men kvar
student som det var mannsemne i, bar i løyndom på
fagre draumar som gav gleda ålvor og leiken meining.

— So drøymde Daniel, og trudde han var eit
mannsemne av di han drøymde; det gjekk heller som det
kunde med lesehugen. Men levde han høgt i draumane
og i dei ljose lyftingsstundene hjå kapellanen, so totte
han det vart meir og meir stridt å halda ut heime.

Det var so trongt og so smått der. So uhyggeleg
og so åndlaust. Alt gjekk ut um den stakkars maten.
Og utjelgt var der; ikkje greide på nokon ting. Dei
heldt ikkje skikkeleg reint dessmeir; og glaset kom mest
aldri upp, so lufti var mang ein gong som ho kunde.
Ikkje seg sjølve heller brydde dei seg um å halda reine;
vaska dei seg kvar sundag var det godt. Ein tanke

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free