- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
23

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

utanum det råe matstrev fanst ikkje, når ein tok ifrå
det gudelege. Menneskeliv hadde dei ingen draum um.
Og her gjekk han so åleine. Han hadde ingen å tala
med. Den einaste skulde vera Judit; men kva forstod
vel ho. Og Lias, det var ein åndlaus slamp, som gav
meir for ei skjeppe jordeple enn for all hans ånd og
skaldskap. Her var i grunnen ikkje levande for Daniel.

Vilde han segja noko um dette vanstellet, so gjorde
dei narr av han helst. Stundom vart far hans vond,
når guten kom med «fine fimor». Han vilde kann H.enda
vera storkar alt f — det skulde ikkje stor grisen til, fyrr
han slo krull på rova! Kvar dag i skule med kvit krage
på halsen, og so uppkjemd og uppstroken som han
ikkje skulde vera den han var; og tok han si hand i
aldri so lite arbeid, so skulde han straks ut i kjøken og
vaska seg! Jau, jau. Det skulde sjå ut på bondebygdi,
dersom me vilde gje’ oss til å gå slik og vassla.

Daniel vart arg, når han høyrde sovore; svara stundom.
Ein gong i skumingi kom han inn og fann stova full
av ein os som ikkje var god. Det hadde regnt um
dagen, og omnen hekk full av våte klæde, som eima
av beste makt; hu, sa Dantel og pusta og blés; so gjekk
han burt åt glaset og vilde ha det upp, endå det ruska
og småregnde ute. Han gav seg til å banka og bråka
med vindauga; for det var ikkje av dei som gjekk lett.
Og han visste ikkje anna enn han var åleine inne. Men
burte i den store umhengs-sengi låg gamlingen og såg
og høyrde på alt; og det tok til å koka i han. «He,
kaslag æ dæ du gjere?» kvesste han i. Daniel kvakk,
men tok seg att; sa berre at han vilde ha upp glaset;
her var so kjøve inne. Ole Johannes tagde lite; det
koka i han, han vilde gjerne finna eit ord, som kunde
bita eit grand. «Jaso. Det skal vel . . vera fint det,
kann eg vita?> sa han. Daniel vart arg og svara at
anten det var fint eller ikkje, so vilde han ha frisk luft!
Gamlingen dirra av sinne der han låg. «Høh, berre
høyr! Kanskje du trur eg vil ha ruskvéret og den
kalde vinden inn i sengi til meg, når eg skal sova?» —
*Skal du sova, hev du endå mindre godt av å liggja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free