- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
25

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

og alt i eitt gjekk han og sulla på Bjørnsons klassiske
lengtingsvers i «Arne»:

«Ud vil jeg, ud, o, saa langt, langt, langt
                over de høie Fjelde.
Her er saa knugende, tærende trangt,
og mit Mod er saa ungt og rankt!»


Men når bror hans, han Lias, høyrde slikt, so sa den
åndlause slampen, at «herr Daniel» kunde vera glad
um han aldri fekk det verre enn heime.

III.



På andre vinteren gjekk Daniel no hjå kapellanen.

Men det vart ikkje stort av med dei i år. Hirsch
var komen upp i noko krangel med dei vakte, som vilde
ha det på han at han ikkje førde rein lære; og dette
gav han so mykje anna å tenkja på, at han meir gløymde
Daniel. Dessutan hadde han i grunnen sått det han
hadde å så i denne barnesjeli; han var då ikkje so ihuga
i seg sjølv heller. Og endeleg forstod han, at han ikkje
kunde gjenomføra «metoden» sin; kann henda det
jamvel var gale å gjera denne stakkars guten til prøveklut
for sine freistingar i uppfostringskunsti?

Ikring joletider vart det fortalt i bygdi, at kapellanen
søkte seg ifrå. Han var nok leid av å vera her, sa
folk; dessutan trong han eit større kall, av di han skulde
gifta seg.

Daniel vilde ikkje tru dette. Kapellanen kunde då
ikkje forsvara å sleppa han ifrå seg no, då han fyrst
hadde hjelpt han so vidt i veg. Og han var vel ingen
matstrevar heller, som kunde fara frå ei god gjerning,
av di han ein annan stad kunde få nokre dalar meir i
årsløn. Men ordet vart vissare; sistpå spurdest det at
kapellanen hadde fenge kall.

Då vart Daniel huglaus. Alle utsyner stengde seg,
totte han; alle voner vingla vengskotne mot jordi. Han
hadde stundom drøymt at han vart nedgraven levande;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free