- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
26

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no totte han det var som den draumen vart sann.
Han forstod ikkje dette. Var det forsvarleg å lyfta ei
sjel so høgt, og so sleppa henne ned-i moldi attf —

Kjærasten til kapellan Hirsch heitte frøken Rud, sa
dei, og var dotter av ein rik storbonde burtpå
Austlandet. Frampå fyresumaren skulde kapellanen der burt
og gifta seg; og so skulde han hit att og gjera seg
ferdig til å flytja.

Den siste skuletimen kom vonom fyrr. Det var so
det visna i Daniel, då han skyna det var ål vor. «Men
du skal ikkje vera modlaus for det,» sa kapellanen;
«eg skal nok stella det so at du kann få halda fram
med lesingi på einkvar måten.» Då ljosna Daniel.
Kapellanen såg det og smilte. «Du tenkte eg vilde
narra deg du?» sa han. »Nei-nei-nei,» stota guten.

Då kapellanen kom heimatt frå Kristiania um sumaren,
fylgde kandidat Massmann, son åt presten, med han.
Massmann var ferdig med studeringane no, og skulde
liggja heime og kvila seg til dess han fekk embete.

Kandidaten var ein roleg, fåmælt kar, bleik av andlet
og svært ålvorsam. Folk kunde ikkje få greide på
denne fyren; for han studera korkje til prest eller
dokter eller sakførar. Det einaste dei visste, var at han
hadde lese «fælt mykje språk», og at han skulde vera
«fælt lærd». Det vart til det at Daniel skulde få gå i
skule hjå kandidat Massmann utyver sumaren og hausten.

Daniel var ikkje svært glad i dette; for han var redd
kandidat Massmann. Dertil var han redd prestegarden.
Han mintest kor fint og liksom høgtidsamt det var der,
og han hadde ein heilag age for presten. Men
dessutan tenkte han på prestebikkja, som han hadde endå
meir age for. Likevel gjekk han, og laut takka til, at
han fekk gå. Framum bikkja slapp han med heilt
skinn; like eins slapp han godt og vel framum presten.
So kom han til kandidaten, som sat bleik og roleg i
ein ruggestol med ei bok og ei pipe og røykte.

Daniel liksom bukka og var raud og redd.
Kandidaten stirde på han med isblåe augo gjenom kalde blanke
brilleglass: «Nå, det er Daniel?» —Ja, det var då det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free