- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
28

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no,» sa Daniel; han var våt av sveite. *Ja det er visst
det,» sa kandidaten. «Nå; vi får til med grammatikken,
farb Og Daniel fekk fyrste og andre deklinasjonen til
lekse.

Som ein våt hund rusla han heim. Han kjende seg
so underleg liten. Dette her vart nok annan dans.
Med isingar gjenom seg tenkte han på den nye
læraren sin. Her vart det nok ikkje tale um ånd og
skaldskap; her galdt det å kunna sine ting, kunna
grammatikken! Og den stod for Daniel i ei einaste tung skodd.
Men so hugsa han at han hadde fenge lekse. Ei ærleg,
reideleg lekse, som han skulde læra; det var forunderleg
som den tanken styrkte han.

No visste han då kva han hadde å halda seg til. Ei
lekse var noko som han visste kva var; ei lekse skulde
han klara! Og når han næste gong kom til kandidaten,
so skulde den lærde mannen få andre tankar um Daniel.
Han mest sprang heim. Og tok på leksa med same.
Var heiltupp glad i leksa; tenkte med fysna på at
han endeleg skulde få læra denne grammatikken, som
alltid hadde set han so vonlaus ut. Han skulde bli
som ein latinskulegut til å kjenna sin Madvig!

Han gav seg til å stormlesa. Las og las, til dei tvo
deklinasjonane gjekk som ein dans. Då han kom til
kandidaten næste gongen, var han ikkje redd; leksa si
kunde han. Og det gjekk godt. Han kom heimatt
reint byrg; han hadde vunne! Grammatikken var visst
ikkje so åndlaus som han hadde tenkt. Med ein gong
slengde han sine draumar um huldri og fossekallen; no
vilde han verta lærd. Lærd og ålvorsam som kandidaten.

Hadde det berre ikkje vore den prestebikkja 1 Men
den øydde so tidt hans unge mod. Kvar gong han
skulde inn eller ut, kom dette store svarte beistet
lusk-ande med sine raude kokte augo og gjekk og snusa
på han liksom han var ein spekeknok. Og beistet var
ikkje å skjemta med. Det gjekk segner i bygdi um
fleire som hadde vore ille ute for denne bikkja; ein
husmann som var komen til prestegarden seint um
kvelden, og som dei trudde vilde ha stole, hadde ho bite

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free