- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
29

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eit stykke or leggen på. Fleire hadde klaga for presten
yver dette dyret; men presten svara alltid, at Apollo
beit ikkje skikkeleg folk. Men ein gong hadde ho teke
på ein mann som kom til prestegarden og skulde
betala offerskjeppa. Stakkaren hadde stade på skuldlista
lenge, og presten hadde vore på han fleire gonger etter
denne offerskjeppa, både med kyrkja og andre stader;
no skulde då mannen endeleg gjera vel og betala. Han
hadde endå selt ei ku til å greida denne offerskjeppa,
og ein bank. Ja; i banken vart han av med pengane
sine utan vande. Men då han kom til prestegarden,
fekk han prestebikkja på seg, so han laut røma det
beste han hadde lært, og fekk broki si sundflengd
attpå.

Då hadde presten vorte vond og sett bikkja i band.
Men bikkja lika seg ikkje i bandet. Ho stod og ylte
og peip all dagen; presten heldt ikkje ut å høyra på
det. Det var «ukristelig dyrplageri», sa han sistpå,
og løyste bikkja. Sidan gjekk beistet som fyrr; og den
som kom til prestegarden, fekk greida seg sjølv som
han best kunde; det som hjelpte, var at bikkja aldri beit
«skikkeleg folk». Men Daniel var redd likevel. Kven
som var skikkeleg folk for slik ei bikkje kunde ein
vel aldri vera stød på.

Det jamna seg etter kvart som Apollo vart kjend med
Daniel; denne kunde sistpå gå ut og inn i prestegarden
som han vilde. Og det var ikkje fritt han var byrg av
at prestebikkja hadde teke han upp i den adelen av
skikkeleg folk, som ho aldri gjorde noko; ho visste
nok å velja sine folk, prestebikkja!

Underleg nok lika ikkje kandidaten denne hunden.
Lika ikkje hundar i det heile. Det var ein rå skikk,
sa han, ein leivning frå ei villmannstid, å halda slike tamde
eller halvtamde vargar gåande i gardane til å skræma
helsa av nervøse medkristne; og minst skulde ein venta
slik villmannskap på ein prestegard. Men gamlepresten
berre knurra; han brydde seg ikkje um slike «moderne
ideer», sa han.

I slåtten måtte Daniel vera heime. Men ut på hausten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free