- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
30

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tok dei til att; og det gjekk godt. Daniel lika seg;
han kjende at han lærde noko. Og kandidaten var ein
drivande lærar som arbeidde med lyst. Men som alt
gjekk på det beste, kom Apollo i vegen.

Det var «lesetime» hjå kandidaten; Daniel sat midt
for bordet og kunde sjå ut yver heile prestegardstunet.
Då ser han eit kvinnfolk, som kjem stigande fram mot
huset på slik ein underleg måte. Ho var fatigt klædd,
og litt upp i åri; eit bygde-menneske. Men i hælane
på seg hadde ho Apollo, som var morsk å sjå, og sleit
henne i stakken stundom. Ho var jammerleg redd. Gå
fort torde ho ikkje, og stana eller snu torde ho minst;
so kom ho stigande i stutte, stive, ustode steg liksom
ho gjekk i ørska. Alt i eitt glytte ho ikring som etter
hjelp; men der var ikkje folk nokon stad; ho var åleine
med dette dyret. Og Daniel såg kor ho bleikna for
kvart steg. Munnen stod open; augo steig store og
kvitnande fram or hausen; det såg ut som ho svimra,
som ho ikkje kjende kor ho sette foten.

Kandidaten såg på Daniel at det var eitkvart tids; han
såg ut. Då rauk boki på golvet, og kandidaten på døri;
ut gjenom stova og gang og utedør; der berga han fyrst
kvinnfolket i hus, og då so Apollo kom, flikrande og
sni-kjande og skulde gjera seg gild for husbond av di han
hadde vore so glup, drog kandidaten fram ein stav han
hadde løynt attum ryggen sin, og la til bikkja so ho
dreiv langt burtyver tunet. Og skreik gjorde ho som
ein brend djevel. Det var stygt å høyra på. Ylande,
gnistande, med halen under buken og ryggen uppskoten
rømde ho rundt; og kandidaten etter; — då kom presten.
«Henning!» ropa han; «Henning?» — Og Henning,
som såg at han ikkje stod att bikkja, snudde seg mot
far sin. Håret hans valt nedyver panne og øyro;
andletet var kvitt; som han stod der framfor presten rak
og harm, skjelvande av sinne, var han fager. «Nå, er
du der, far,» sa han. Og han heldt fram: vart ikkje
beistet no bunde, so tynte han det! — Meir kunde
ikkje Daniel høyra.

Men då kandidaten kom inn att, var han i ulag, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free