- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
32

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skular? Var det råd for ein simpel bondeson å koma
so høgt upp ? Kapellanen smilte og sa at me hadde
bondegutar som var bispar. Då tagna Ole Johannes.
Men store draumar sveiv fram for syni hans; den som
ikkje våga, han ikkje vann . . .

Frå rektor fekk dei «alle naudsynlege upplysningar».
Daniel kunde koma inn i 3die latinklasse, kann henda.
Det lét seg altso kanskje gjera på tri år. Og
skulepengane var ikkje store. Dessutan var det von um
fri-plass, når guten hadde vore på skulen eit års tid. Dette
totte Ole Johannes ikkje var so ille endå. Serleg lika
han det um friplassen. Og når so guten budde hjå
Hans Nerstad, og dei sjølve hjelpte han til med det
meste av det han trong til mat, so vart det vel ikkje
so mykje dyrare. Det same meinte Mari. Pengar laut
ein låna; det sa seg sjølv. Men dei fekk guten sjølv
betala når han kom i embete, —

So vart endelykten den, at Ole Johannes gjekk ned
til storhandlaren på Neset, han Jens i Larsebakken eller
Jens Bakke som han skreiv seg, og lånte IOO dalar, so
han kunde få son sin på byskulen. Og no meinte Daniel
han hadde vunne.

For det fyrste skulde han få koma ut. Og for det
andre skulde han få koma til byen. Han hadde ikkje
vore mange gonger der. Men han hadde vore der so
mykje at han visste kva byen var. Med sine høge
tårn, med sine fagre hus i lange, lysande rader, med
stråiande krambuer fulle av alt som gildt var, med
hagar og tre, med stolte, fine folk som gjekk og strauk
på gata i gull og silke og blanke sko og visste korkje
av arbeid eller sut å segja, totte Daniel at byen minte
um det nye Jerusalem. Men innferdi til byen minte
um paradis. Store, kvite, staselege hus med glasdører,
med høgsvaler kvilande på kvite stolpar og umvaksne
med grønt lauv, med ljose, herlege salar strålande av
krystall og gull liksom Salomons tempel, og rundt ikring
svære, døkke hagar med lauvgjerde og staute traleverk
av støypt malm, yverskygde av framande tre, store
og forunderlege som sedrar på Libanon . . . Daniel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free