- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
33

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde ikkje drøyma seg noko fagrare. Alt var på ei
onnor gjerd enn heime. Framandt, forunderleg,
storfelt, berre meint på å vera fagert. Ein kunde sjå at
folk ikkje turvte tenkja på pengar her. Kong Salomons
rikdomar åtte dei, og kong Salomons herlegdom bygde
dei upp att.

Og no skulde han få vera i byen. Ikkje ein dag,
ikkje tvo dagar, men år; og han skulde sjølv vera
bygut. Fint klædd skulde han dagstadt gå og spenna i
dei steinsette gatone og sjå på stas og ståk og liv og
gilde krambuer og på hamni store skip, med segl so
vide som havreåkrar, og med master so høge som
kyrkjetårn. Og han skulde få eta bymat, og gå på
kvite golv med åklæde på, og sitja i sofabenker so
mjuke som senger; og han skulde få høyra spel og
trummeslått um dagen og vektarsong um natti, og sjå
apekattar dansande på lirekassor og bjørnar som gjorde
kunster på Svabbesalen, og linedansarar, og trollmenner
som åt eld og svelgde sablar og sverd. Endelaust
mykje stort skulde han koma uppi; no fyrst tok livet
til; han var den sælaste bondeguten på jordi.

Nei, ikkje den sælaste. For no skulde han ikkje få
vera i Neskyrkja kvar sundag og sjå Inga Holm. Men
so mykje gildare skulde det vera å koma heimatt ender
og då, og visa seg i kyrkja for henne og for heile
ålmugen, når han var bygut.

Han torde knapt sjå sine jamaldringar i augo lenger.
Han kjende seg som ein syndar mot dei, av di han
åleine skulde koma upp i alt dette. Og dei måtte ikkje
fa den trui at han var stor på det. Men i grunnen
høyrde han ikkje i hop med desse bondefolki lenger.
Til hausten skulde han vera bymann, fint klædd og
med fint mål; då vilde han vera eit anna menneske.

Det gjekk gjetord um dette i bygdi. Daniel totte
folk såg på han med andre augo enn fyrr. Det gjorde
dei au. Men rundt um på gardane gjekk skravlet som
vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart so
finger-faren, og framferdi hans so utlagd og uttolka, at hadde
han høyrt helvti av det, so hadde han vorte galen. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free