- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
34

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Daniel kom til byen. Og lija Hans Nerstad vart
han leigd inn. Men det viste seg at han ikkje kunde
koma høgre upp enn i 2dre latinklassa. Det var eit
år spillt. Og jamvel i andre klassa fekk Daniel nok å
gjera med å vinna seg etter.

Han fekk andre ting au å stå i. «Klassekameratane»,
som såg at han var snild, gav seg til å gjera narr av
«bondetampen», som «tala landsmål». Og til slutt gav
dei seg til å gjera narr av namnet hans.

Han var innskriven i bøkene for «Daniel Olsen
Sør-brød». Det sa seg då sjølv at han vart heitande
«sur-brød». Og denne skjemten totte dei labanane var so
framifrå, at dei i alle fristunder flokka seg um han og
ropa på «surbrød». Kor mykje kosta surbrødet i dag?

Daniel var vaksen kar, og snild og tolmodig. Men
dette gjekk so innpå han, at han sistpå mest grét.
Hadde han gjort dei noko vondt? Kunde han ikkje
få vera i fred ? Men dette gjorde vondt verre. Daniel
hadde tenkt det skulde vera gildt å bli kjend med
bygutar; men han hadde aldri havt det so vondt. Det
var som han stakk seg på nåler og nctlor kvar han
snudde seg.

Det var endeleg ein gut som hadde vondt av han
og rådde han til å gå inn til rektor å få brigda um
namnet sitt. Når han heitte Daniel Olsen, so kunde
han kalla seg «Olsen»; so vart det slutt med
«surbrød»-skrålet. Daniel svara, at lét det seg gjera, so vilde
nok han; men det var so leidt å gå inn til rektor åleine.
«Ja, synest du det, so skal eg vera med deg», sa den
andre. Dei gjekk; og Daniel fekk det som han vilde;
heretter skulde han med Gud og retten heita Daniel
Olsen. Men frå den dagen var Daniel og Kristian
Bliland vener. Og venskapen vart so mykje sterkare,
av di dei på ein måte var bondegutar båe tvo; for
Kristian var son av ein klokkar inn i fjellbygdom.

Det hjelpte svært å få ein kjenning. Og då dei andre
såg at Daniel ikkje var åleine lenger, men stod under
varetekt av Kristian Bliland, som ikkje var nokon
kaste-kjepp, so lét dei han meir og meir vera for det han var.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free