- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
35

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men Daniel kunde aldri lika seg rett i denne skulen.
Og leksor og lesing var det jamt. I staden for å gå
og spenna på gata sat han på det tronge kotet sitt
hjå Hans Nerstad og las, og hadde det berre smått.
Ein gamal trestol med fire føter attmed eit gamalt
skralt kjøkenbord, det var heile stasen; og på veggen
hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang nos og stirde
mot døri med sure augo. Og det som verre var: han
totte ikkje sjølve byen var so gild som han hadde tenkt.
Det var i haustbløyta; og regnet var likso surt og søyla
likso blaut som heime. Dei kvite husi stod skitne og
gorute av kolrøyk og væte og var ikkje det grand
paradisiske.

Ein annan ting var Daniel ikkje mindre leid for:
By-klædi hans var ikkje som dei skulde vera. Når han
kom i lag med dei andre gutane, såg han sjølv at han
var bondetamp. Seint og vrangt gjekk det med å skifta
mål au. Det kom seg av at han budde hjå Hans
Nerstad. Han hadde det elles godt der; maten fekk han
vel stelt; og når han ikkje las, kunde han vera ned-i
den logne, stille stova, der kona sat og sauma heile
ettermiddagen; eller han kunde gå ned i krambui og
høyra på bykjerringane, som var innum og handla for
i i såpe og */g i stivelse og fortalde bynytt, eller på
bøndene, som kom inn frå landet med jordeple og smør
og tok kaffi og tobakk i staden.

Men Hans Nerstad hadde vore bonde. Han hadde
ått ein god og nokolunde stor gard, som far hans hadde
arbeidt upp; og han hadde ervt pengar attpå. Men
dette velstandet gjorde at Hans Nerstad ikkje vilde vera
bonde lenger. Det var lettare og gildare å leva i byen;
so selde han garden sin og vart bymann; sette seg til
med ein liten høkerhandel der. I den myrke kjellaren
sin sat han då år etter år og selde sild og smør i
skillingsvis. Smått gjekk det og keidt var det, so det
var ikkje fritt han stundom trega garden sin; i seinare
tid vart det endå lagt merke til, at han feitna og vart
raud i nakken og posen under augo; han hadde nok
lagt seg åt ølflaska. Men bonde var han enno i grun-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free