- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
36

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nen, og kona hans med; Daniel skjemdest då for å
knota for mykje, so dei høyrde det. —

— Med å vinna seg etter der han stod til atters gjekk
det smått; han kunde ikkje rett læra det som han ikkje
hadde til lekse. So tok han seg fri frå etter-lesingi
meir og meir; fekk taka det att når han kom til
«repetisjonen». Dette greidde seg på ei vis. Men han
vart gåande med uheilt samvit og høyrde liksom ikkje
heilt med, totte han.

Den han hadde å halda seg til, og jamt søkte i sine
fristunder, var Kristian Bliland. Denne rødde ikkje stort,
men han hadde bøker som han las upp av, mest
«Folkevennen» ved Ole Vig og anna sovore. Her fann Daniel
att mykje av dei tankane han hadde lært hjå kapellanen.
Og det var som han trudde endå meir på desse
tankane no, då han såg at det var fleire um dei, og at
dei var å lesa på prent.

Sidan kom han ofte fram med ting som kapellanen
hadde sagt, og som han skjna Kristian vilde lika. Det
var ikkje alltid han sa kvar han hadde slikt ifrå; stundom
visste han det vel ikkje klårt sjølv.

Det som Daniel av eige hovud kunde finna ut, våga
han seg sjeldan fram med; når han skulde segja det
til Kristian, totte han for det meste det var fåvist. Men
stundom sette han det fram liksom på skjemt, so han
kunde læ det burt, um det ikkje vart godkjent; hende
det då at det greidde seg, vart Daniel kry og totte
sidan sjølv at det var godt sagt.

Hadde han ikkje havt Kristian i denne tid, so hadde
han visst gløymt alle sine gamle draumar; skulelufti var
ikkje helsesam for dei. Det var eit underleg hol denne
latinskulen. Alle gutane var so vituge og so vaksne;
dei kunde flira og læ åt all ting. Men dei hadde visst
aldri drøymt um anna enn karakterar. Dei visste at i
denne verdi galdt det å klara seg; og etter den
visdomen levde dei; kunnskapen i seg sjølv vedkom dei
liksom ikkje. Det var berre spursmål um kva som var
lett eller rangt å klara seg i; og det kvitta dei eitt, um
dei klara seg på ærleg måte eller ikkje. Ja dei som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free