- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
37

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var drivne i å fuska, galdt for karar, og gjekk og kytte
av fantestykki sine. Men dei som var strevsame og
trugne til å lesa, vart tidt og ofte gjorde til narr av
dei ordførande yverlabanar i denne grønkål-klassa,

«Til i dag hev eg ikkje lese det minste grand!» skreik
dei i munnen på kvarandre, når dei kom på skulen um
morgonen. Og so tretta dei um kven som hadde lese
minst. Men når dei kom upp, klara dei seg for det
meste likevel; Daniel vart både forundra og modlaus
yver dette.

Glade i skulen var gutane ikkje; dei var i fengsel,
lét dei um; lærarane var fangefutar. Minst lika dei
rektor; mykje hadde dei og imot religionslæraren, ein
gamal uppturka rasjonalist, som jamt mol um dei tri
store vismennene Moses, Jesus, Sokrates; like eins imot
historielæraren, som dreiv på med «oversiktstabeller» og
gav gutane historiske slengjenamn; sjølv vart han heitande
«Robert djevelen». Daniel totte i det heile ikkje lærarane
her var som han hadde tenkt. Mange av dei såg ut
til å ikkje bry seg stort meir um kunnskapen enn gutane,
og det dei visst tenkte mest på var å få timane til å
gå. Dei byrja seint og slutta so snart dei torde. Og
jamt var dei i ulag; det var ikkje ofte at ein time gjekk
av utan gryl og gnål. Sume hadde sine visse
syndebukkar som dei kvar dag hadde uppe og reiv seg ut
på; andre syntest vilja piska klassa fram til dygd og
dugleik med spott. Daniel var redd desse strenge herrane.
Men han bøygde seg under dei med slik ein
bonde-vyrdnad og kunde dessutan for det meste leksa si so
vidt godt, at han klara seg noko-so-nær. Kristian
Bti-land like eins, endå han tok det meir roleg. I det heile
lika lærarane desse gutane frå landet. Dei var
upp-vaksne under meir «patriarkalske forhold», hadde lært
å lyda og vyrda sine yvermenner; hadde ikkje noko av
denne frons urbana, denne storsnuten, som gjorde
bygutane so ertesame å ha med å gjera. Audmjuke var
dei og lydige, lette i taumen som skulegutar burde vera.

Men Daniel visste no at kapellanen hadde havt rett,
då han tala um latinskulen. Her var «åndlaust», og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free