- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
39

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Då Daniel var heime i joli, fekk han siølv sjå at
huset var kome på ein ny fot. Og glad var han. Det
var framandfolk komne som skulde sjå «byguten»; og
alle levde godt; det var stor høgtid. Daniel måtte lesa
tysk og latin for dei framande; og han såg kor kry
gamlingen vart, når dei roste guten og undrast på alt
han hadde lært. Men Lias, den slampen, gjekk ikring
so sur og tverr som han skulde vera ovundsam på bror
sin.

Her på bondebygdi kjende Daniel seg fin gut; og
han viste seg fram kvar han kunde, helst når han hadde
von um at Inga Holm kunde koma til å sjå han. Tala
til henne tenkte han ikkje på. Men han viste seg fram;
og når han trudde ho såg han, gjorde han seg strak
og karsleg. Og bad til Vårherre um at ho måtte lika
han.

Tidi frå jol til våren drog seg uendeleg seint. Han
vart so leid av leksestrevet at han stundom tenkte på
å fuska; men han kunde ikkje. Han hadde ikkje laget.
Og ikkje det rolege samvit som bygutane. Vilde han
freista, kom læraren til å skyna det straks. Men det
hende ikkje so sjeldan at han fekk Hans Nerstad til å
skriva sjukesetel for seg, når han hadde altfor stor uhug
til skulen.

I staden for å lesa sat han då gjerne heime og drøymde
um Inga, som han vilde skriva friarbrev til, so snart
han vart student. Og han gjorde vers um sin store
elskhug. Det var eit strevalt arbeid å gjera vers; men
det var so hyggeleg å stella med noko som vedkom
«henne».

Heile skulen var som leid av seg i denne tidi. Gutane,
forsømde, lærarane stundom med. Leksone dei fekk
var so stutte at dei kom ingen veg; og endå laut dei
gong på gong taka dei upp att, av di ingen lærde dei.

Frå januar var det kome tvo nye gutar inn i klassa,
den eine ein lensmannsson, Ole Bentsen, den andre,
Peter Didriksen, son av ein høker på N?set. Med desse
prøvde klassa ei stund å ha moro; men det vart ikkje
noko av. Dei visste å klara seg, desse tvo. Godt heldt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free