- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
40

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei i hop; og klokt stelte dei seg, Ole Bentsen var
tagal og likeglad som ein selhund, so honom beit
ingenting på; og Peter Didriksen — som elles vart heitande
Peter Dirk —, visste å svara for seg so snøgt og
små-lentugt, at ingen var god for å målbinda han. Daniel
og Kristian provde ei stund å halda lag med desse tvo
karane; dei var då landsfolk, dei au. Men Ole Bentsen
Og Peter Dirk vilde nok helst ha finare lag. Det var
gutar som visste å greida seg. Dei var med på jamvel
fårlege ting, som kortspel, ja um det var ei halv flaske
øl med sigar; men dei visste alltid å stella seg so, at
um gale skulde gå, so kunde ikkje d e i få skuldi.
Lesehestar var det av velten. Men dei jamra yver at det
gjekk so smått; og hausten etter melde dei seg ut av
skulen og reiste til Kristiania; ein kunde få eksamen
både snøggare og billegare når ein gjekk på «fabrikken»,
sa dei. —

— Endeleg tok det til å lida fram mot årsprøva. Då
vart det ein annan dans; det tok til å livna og kvikna
i både gutar og lærarar, liksom det vert uro i ein
smale-garde, når det dreg upp lil uvér. No kom bøkene for
ein dag; og no kom kunnskapen og arbeidet til ære.
Kor mykje hadde den lese til i dag, og kor mykje
hadde den lese? Kunde Per det? Kunde Pål det?
Kva tydde det ordet, og kva tydde det ordet? Kva
var det for preposisjonar som styrde ablativ, akkusativ,
dativ? Kunde Per det beviset? Kunde Pål konstruera
den polygonen? Anna var ikkje høyrande frå morgon
til kveld; Daniel vart reint fælen av all denne lærdomen.
Han totte han kunde ingen ting. Ikkje hadde han
tiltak til å lesa heller, meir enn leksa for dagen då Ikkje
fyrr det kom so langt at prøva tok til, so han visste
når han skulde upp i kvart fag, fekk han si fulle
lese-kraft. Men då las han på spreng.

Og han klara seg. Han kunde ikkje mykje; og det
han kunde var han ustød i, av di han var uklår i
grunnane, Men når han sat ved eksamensbordct, greidde
han seg likevel. Han forstod det mest ikkje sjølv; men
han hadde frå barnet av øvt seg upp i å sjå og høyra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free