- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
41

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på læraren, kva svar det var som kravdest; og den
kunsti bruka han, um han so ikkje visste um det.

Han vart nummer 9. Der var futesøner, ja
preste-søner som kom nedanfor honom; det totte han var
mest utruleg. Det same totte Ole Johannes, då sonen
kom heim og fortalde det; og gamlingen kunde ikkje
dylja at han var kaut av dette.

Elles var han tung og tagal av seg no att. Daniel
undrast på dette; men gamle Mari kunde fortelja, at
han far hadde sett ende på dei 100 dalarne fyrr han
vard est; so at no var det berre å tenkja på å få eit
nytt lån. Det var ikkje greidt. Ole Johannes hadde
tenkt at IOO dalar aldri kunde få ende. Men når ein
for flust fram, so —. Daniel vreid seg. Det var då
ei æveleg straff med desse pengane.

Men han trøysta seg med, at no hadde gamlen drive
det so vidt at han ikkje kunde slutta. Og kva gjorde
det um han tok eit nytt lån. Garden var visst stor
nok til å bera både det og meir.

Likevel heldt han seg helst undan far sin. Dette
mistydde gamlingen; trudde det var storkarsgrillone som
var ute att. Og dette var so mykje meir harmeleg no,
då Ole Johannes ikkje lenger heldt seg for nokon reint
simpel bonde. Han hadde jamvel kosta pengar på å
koma seg litt upp, so son hans ikkje skulde turva
skjem-mast av han, Ein dag kom han med det. Daniel svara
so snildt han kunde, at det hadde aldri vore hans tanke
slikt. Men gamlingen meinte det var greidt å sjå kva
tanken var. Og han hadde ikkje venta sovore no, sa
han. Han hadde visst gjort alt det han kunde. Og um
Daniel tottest vera storkar, so fekk han ikkje gløyma
kven det var som laut svida for det. Daniel meinte at
pengane skulde han greida når han fekk embete, so
det var vel ikkje verdt å taka seg nær av det no;
gamlingen svara at det vart ikkje på dei fyrste fjortan
dagane at Daniel fekk det embetet. «Nei, nei; kven
hev meint det?» sa Daniel stutt.

So vart det uhyggeleg heime som vanleg. Og Mari
jamra jamt og samt um at det gjekk til atters. Arbeidet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free