- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
43

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

&

vondt i bringa hans. Kunde Vårherre tillata slikt? Far
hans hadde då alltid vore ein skikkeleg mann og halde
seg til boki. Ja, so nær som i seinare tid. — Ja, men
likevel. — Nei, nei. Noko so fælt kunde ikkje henda.
Han sa det ti! Vårherre og, at det måtte ikkje henda!
Ein brennande, sår hug til å grata kom upp; men han
fekk det ikkje til. Han sette seg burtåt glaset; der sat
han med hand under kinn og stirde ut i lufti lenge.—

So kom Lias ein dag køyrande til byen i den nye
bykjerra og skulde henta dokteren. Daniel skulde au
vera med heim. Det stod smått til med han far. Han
var komen heim frå byen reint skamfrosen; hadde nok
sovna på lasset og i ørska køyrt ein galen veg, so han
kom ikkje heim fyrr langt ut på morgonen; og då
måtte dei bera han inn. Han var gjenomvåt og reint
stiv. Og no låg han der med ein brennande bringeverk
so eleg og arm, at han mest ikkje var attkjennande.
Ikkje samla han heller lenger. Han berre låg og rasa,
tøvde um bispar og prestar og mangt og mykje som der
korkje var ev eller stev i. Det var nok ikkje anna å
tenkja på enn enden.

Daniel tagna reint burt. Han fylgde med heim, tung
og hugsjuk som han skulde til si eigi likferd. No var
alt slutt. Og at det skulde koma på denne syrgjelege
måten!

Dokteren sa det var lungebrand. Dei skulde ha henta
han fyrr; no var her ingenting å gjera. Han skreiv
upp noko medisin, murra og for. Mari gjekk ut og inn
og grét; ho var so burte at det mest vart Judit som
laut stella den sjuke. Daniel torde knapt vera inne;
det var so fælt å sjå far sin som han låg der, visen
og grå, med ville augo og hole, skjegg-grodde kjakar
og sår, riktande ande; men endå verre var det å høyra
på det øre snakket um «sonen som skulde verta bisp».
Mari spurde Daniel med gråtande tåror um far hans
hadde vore . . . um han hadde fenge noko . , . meir
enn han tolde . . . der inn i byen; Daniel vart bleik,
men sa nei. «A gudskjelov for det då!» grét Mari.
Den raudhærde kapellanen kom ender og gong og vilde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free