- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
44

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

©

tala med den sjuke um hans sjelesak; men det nytta
ikkje. Han kunde nok vakna for eit lite bil, han far;
men straks etter var han burti ørska att. Og i den
ørska døydde Ole Johannes.

Der stod Daniel.

Det viste seg, at gamlingen i dei seinste åri hadde
sett seg i større skuld enn nokon visste. Det meste
skyldte han hjå Jens i Larsebakken. Men det var smågjeld
både her og der, i byen og bygdi. Garden var so
skuld-sett som han med godo kunde vera.

Skulde dei klara det, fekk dei sjå å koma til lags
med Jens. Denne viste seg ikkje urimeleg. Han vilde
berre hava Daniel til å skriva under på, at han skulde
betala gjeldi — halv tridje hundrad dalar — so snart
han fekk embete eller post; og so skulde Mari og Elias
gå god for Daniel og sjølve stå for pengane, um han
døydde eller vart helselaus; rentor skulde dei leggja
med 5 prosent um året til dess pengane var greidde.
Daniel skreiv straks under. Det kunde ikkje skilja
honom noko det; og so vart det då ein ende på all
denne uhugnaden. Til lagverje tok Mari gamle Tarald
Ruste, som fyrr hadde vore lensmann; og det vart
avgjort at ho skulde bli sitjande i uskift bu.

Der var ingen løynd rikdom å finna, Ingen
ned-graven skatt; ingen pengehop på kistebotnen. Kunde
Mari og Lias med strev og sparing fikta seg igjenom,
so vilde det vera mest meir enn ventande.

Til Daniel var der ingenting. Dei sa han fekk freista
å koma inn på ei krambu. Han svara ha og ja. Kva
skulde han på ei krambu ?

Han gjekk som i ei tung ørske. Det var ute med
alt. Og verst var det å tenkja på Inga.

Inga, Inga. Kva tenkte ho no f Han torde ikkje
visa seg i Neskyrkja i denne tidi. Men kvar sundag
når folk gjekk frå kyrkja, sat Daniel på ein stein attum
ein stor runne ovanum vegen og såg etter Inga,

Det kunde ikkje gå slik. Her måtte koma hjelp.
Han gjekk under um han ikkje nådde fram; kunde Vår*
herre tillata at ei sjel gjekk under?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free