- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
45

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Der var mange rike folk i byen. Der var folk som
kosta burt tusund på tusund berre til stas og fjas. Det
stod just i bladet, at grosserar Helle hadde kjøpt seg
ein lystkutter for 500 dalar. 500 dalar til ein lystbåt!
Med dei 500 dalarne kunde Daniel vore berga.

Eller denne bror vår, som for og flakka i den vide
verdi, og ingen visste kvar han vanka; kann henda var
han i Amerika . , . Gifte seg med ei rik dame, vart
eigar av ein million; kom heim, greidde heile
bunde-len . . .

Eller den som kunde få i bergkongen. Eller nissen;
eller ein dverg; eller noko anna slikt . . . Der var
rikdomar nok i jord og haug; den som berre kunde finna
dei. At ikkje den gamle Dagfinn Sørbraut likso godt
kunde ha råka på ein klump gull. Det var mange som
hadde funne guil i gamle haugar.

Tarald Ruste! Han skulde vera ein velhalden mann.
Um ein språka vel med honom 1

A nei. Han var ein moldtræl han som dei andre.
Han var endå til jaabækianar. Kva sans skulde ein der
venta for ånd og vitskap?

Men jaabækianaren Tarald Ruste hadde tenkt eit grand
på den unge «studenten». Det var ille at dei pengane
skulde vera reint burtkasta, totte Tarald. Dessutan
skulde guten vera klok. Og det vilde vera godt um
me kunde få embetsmenner av bondestand. Dei me
no hadde, var so framandslege og kjende so lite til
livet og folket, at det var plent som dei skulde vera
ein annan nasjon. Bondegutane derimot, dei visste kva
folket hadde å stå i.

Han hadde rødt eit grand med Daniel; det såg ut
til å vera ein snild gut. Tarald kom innum ein gong
sidan og rødde meir med Daniel. Denne totte ikkje
at han, ein skulegut, kunde ha meiningar mot ein mann
som gamle lensmannen; og dei kom godt til lags.
Berre når Tarald kom innpå um Jaabæk og sparetanken,
og um at embetsmennene hadde det so altfor feitt, då
kunde ikkje Daniel vera heilt med, Men han vilde
ikkje segja imot heller; han sa han hadde havt for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free