- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
47

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men ein kunde ikkje setja seg på bakføtene no. Ho
berre spurde seg fyre; var det ikkje vågleg å senda
so ung ein gut der inn; der skulde vera so mange stygge
folk, frimaurar og fritenkjarar og . . . «Langtifrå!» sa
Tarald Ruste. Dei sende yngre gutar enn Daniel der
inn; dessutan so var det berre noko tøv det, at frimaurane
slakta folk og sende dei til Tyrkia. Det var
skikkelege folk i Kristiania som her. Latinarar var dei, og
embetsvener, og elles noko stort herk i mange måtar;
men det kom ikkje Daniel ved; han klara seg nok.
Dermed laut Mari lata seg lita.

Daniel hadde ikkje fred heime lenger, I Kristiania
var det han skulde finna det store og edle og fagre på
jordi; og byen bygde seg upp i hans hugsyn som ein
skog av kvite tårn. Der vilde eit heilt nytt liv taka
til; men mot Inga Holm vilde han alle dagar vera
trufast. —

— Lenge venta kom endeleg den store tysdagen, då
han skulde av stad. Ho mor og han Lias fylgde til
byen; sistpå stod dei alle på eimbåtsbryggja. Mari var
so redd ho skulde ha gløymt eittkvart; «er det ikkje
so at du kunde turva endå eit nysta med grått
ullgarn?» Men Daniel meinte han hadde ullgarn nok; han
berre venta på båten. So snart denne hadde lagt til
bryggja, krabba han seg umbord; og han sa farvel til
mor si og bror sin med hjarta bankande av uroleg
glede.

Det ringde tridje gongen; båten sette i med ein
for-skræmeleg yl og tok til å arbeida seg ut frå bryggja.
Farvel! Farvel! høyrde ein rundt ikring, og kvite
lum-medukar tok til å slå i lufti som mange små venger.
Men det var ingen som veifta til Daniel. Gamle Mari
hadde kje nokon duk å veifta med; det vesle
lumme-plagget sitt av raudrosut bomullsty hadde ho gløymt
etter heime. Ho stod uti den eine kanten av bryggja,
langt burte frå dei fine, og beit i plaggsnippen og såg
etter Daniel med raude augo; det var so vondt å tenkja
på at han skulde so langt burt. Ho vilde ikkje gråta
so framande folk såg det; men gråten var ikkje god å

4 — Garborg: Boodetsudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free