- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
49

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med deklinasjonen. Og Markussen kom med
deklina-sjonen. Apropos: kunde herr Olsen den fyrste deklinera
«Olsen»? —

Fleire og fleire kom. Ein og ein, tvo og tvo, nytvegne
og bleike, slitne å sjå til; svevnen sat enno i augo på
dei; mange sa: «uff! jæ er så trætt i hodet i dag.»
Og for kvar som kom vart den Ortvedtske deklinasjonen
teken upp att, og Markus Olivarius Markussen lo i
høgan sky.

Det «akademiske kvarter» var straks ute; gutane kom
i flokkevis. Sume sette seg på romi sine tagale og
myrke, slo upp ei bok og stengde seg inn i seg sjølve;
andre flokka seg um tOlsines» og den store
deklina-sjonen. Der kom Hans Haugum. «Haugum! Haugum!»
ropa heile flokken i kor; men Olsen den fyrste hadde
fenge Daniel med seg frampå golvet att og ropa utyver
klassa med sin utrulege bass: «Mine herrar! Her
stend eg fram på dette skravle-ting og krev, at de ein
som alle og alle som ein hyller og godkjenner Olsen
den andre av dynastiet Grisenburg som min lovlege og
ulovlege ettermann i alle måtar —.» Lenger kom han
ikkje. «Ja dette Olsen!» sa Haugum; han snudde seg
til Daniel og spurde um han ikkje hadde noko
gardsnamn han heller kunde bruka. Daniel hugsa sin
gamle surbrød-strid; m—nei, sa han; gardsnamnet var
lite tess. «Hvad hetter gården?» spurde Haugum.
Daniel vreid seg: «å . . .» «Han hetter vel itte
Tam-perud som der jæ er fra?» spurde Olsen den fyrste;
ålmenn lått. «Nei», smilte Daniel; han undrast på denne
austlendingen som vilde fortelja sovore. «Nå, lat oss
høyra,» sa Haugum; han undrast på denne vestlendingen
som var so sein i vendingi. «Gården hetter Sørbr—
rød,» sa Daniel. «Sørbrød; det var rart. Segjer dei
Sørbrød, folk der burte?» «N—ei,» svara Daniel, «men
det skrivst so.» «Kva segjer folk då?» «Folk—; dei
segjer ...» — «Folk segjer vel Sørbraut,» la Markus
Olivarius myndigt inn; han kunde landsmål. «Ja,» sa
Daniel; «dei segjer Sørbaut.» So heiter garden Sørbraut
då,» dømde Haugum; «og det skulde ikkje vera godt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free