- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
50

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nok?» — «Sørbraut?» spurde Daniel med store augo.
JavisstI Sørbraut! «Sørbraut er eit godt namn,» dømde
Markus Olivarius. «Men Sørbrød — ha-ha-ha?
Søer-brøzz» — han hermde det på dansk —, «det duger
ikkje. Ha-ha-ha! Det er dei danske futane som hev
funne på det. Søerbrøzz, ha-ha-ha-ha?» — «Surbrød,»
smålo Johannes Ortvedt. Daniel raudna; men han kom
seg att, då han såg at ingen hadde lagt merke til det.
Markus Olivarius tala lærd um norske gardsnamn og
danske futar; men Haugum heldt fram med sitt. Sørbraut
var eit godt og norsk namn, som han burde bruka; —
«ikkje sant, Rud?» ropa han til ein nykomen som
nettupp stod og la bøkene sine ifrå seg. «Heiter garden
Sørbraut?» spurde Rud. «Ja?» «So er der eit Nordbraut
og?» Dei såg på Daniel; «ja,» sa denne, «men langt ifrå
. . .» «Det er det same,» dømde Rud; «Braut heiter
garden; og Braut bør De heita.» Rud sette seg; ålment
samtykke. Daniel totte sistpå sjølv at «Daniel Braut»
lyddest godt; og han skulde taka det namnet, sa han,

— «om det går an da».

«Hoh-oh-oh! gjeng an?» braut det laust med stort
bråk og ein hol, hivande lått frå «myrkekroken» der
Aslak Fjordan hadde sitt rom; «enn Don Pedro då?
Don Pedro de Monsen, o-oh-oh! — som skifte namn
kvar gong han fiutte, so når dei skulde ut med
rekningar på Monsen, so heitte han Larsen, og når
rekningane lydde på Larsen, so heitte han Rabbestad;
og kom det rekningar på Rabbestad, so heitte han
Monsen att—hoh-oh-oh oh!» Men no kom ikkje Aslak
Fjordan lenger.

Døri gjekk upp på vid vegg. Og inn steig, stor og
røseleg i sin lange blåe slengfrakke, alvorleg som ein
senator, men med skalken glyrande fram gjenom
grå-blåe kloke augo attum brilleglasi, og med den høge,
breide, hårsnaue skallen liksom lysande av ånd og vit,

— «Gammeln».

I hælane på seg hadde han ei rad av gutar som kom
for seint. Det var helst slike som høyrde med til
«botnskrapet», og som jamt var burte; men i latin-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free