- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
51

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

timane kom dei; lor då var der «så mye morro».
Gammeln stelte seg upp og stod og såg på dei. Der
kom Isak Abrahamsen Opjorden i si fjørprydde
vad-målskufte og med eit hovud so urydigt som eit
kråke-reir; full hadde han vore, og vaska seg hadde han
ikkje; bøkene sine hadde han gløymt; «gjeng’e du reint
laus du,» sa Gamlen, «liksom øyken i fjellet; he!» Der
kom dei tvo unge herrane Wall og Presler, finstrokne
og strake, med floshattar, lorgnettar, sigarar,
spaserstokkar; dei letta fjongt på hatten for «rektor», gjorde
eit byks burtyver pultane og sette seg på sine plassar
med dundrande applomb. «Ha, ha, ha!» sa Gamlen.
Der kom Lars Risvold, eit herleg steinbrytar-emne, med
ein rygg som ei låvedør og armar som eik, firkanta og
svær, trufast som ein hoggestabbe; til slutt Bernt
Bruvik, lysande av såpevask, slettkjembd og pynteleg,
ål-vorsam og truverdig; han bøygde seg fint for Gamlen,
men skyna snart, at han enno var for tidleg ute.

For no gjekk Gammeln burtått døri og vreid ho i
lås. Mang ein syndar kvakk, der han sat; for no hugsa
karane, at det var i dag Gamlen skulde hava pengar
for oktober.

«Ja nå, gutter, nå får dere vera snilde mot en
gammal mann!» tok han i på sin skjemtefulle måte, mest
med eit gråtemål. Det var ikkje so greidt å vera til
for honom heller, sa han. Det var nok av dei som
vilde gå på skulen hans og læra perioden og bli folk,
og få ei grunnskuring i Livius — «å, Livius, gutter f»

— men so var det desse skillingan, må-tru. Ja-ja; dei
hadde visst vore so snilde mot’n alle som dei berre
hadde kunna; men jaggu trongst det au. Han var ein
gamal fatig mann; og i dag, — «vet dere hva som
hendte mig i dag, gutter?» — Jau, i dag, fyrr fanden
fekk skott seg, hadde Gammeln havt «besøk», —
«besøk av to svartklædte, høflige mænd» . . . «og dere
vet vel, gutter, hvad det har på sig: å få besøk av to
svartklædte høflige mænd på morrakvisten ? Og vet
dere det ikke, så gid dere aldri må fa vite det. Har
dere penger, gutter?»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free