- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
52

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gutane lo. Og dei som hadde pengar, kom med dei.
Vestelummor og pungar vart vrengde og krengde rundt
alle pultar; ein fann tvo dalar, ein annan tri; sume var
rike og kom med femma full; og Gammeln nappa til
seg alt han fekk i, liksom han var redd dei skulde taka
det frå han att. Men dei som inkje hadde, dei tagde
og liksom gøymde seg. Eller dei gjekk fram og orsaka
seg som dei best kunde.

Millom desse siste var det ein som Daniel gav gaum
etter, av di han orsaka seg so godt; det var Bernt
Bruvik. Han fortalde ei soge som godt kunde vera
uppdikta; men som han der stod, truverdig og
grunn-skikkeleg, trygg på å greida seg, med ærleg andlet og
usvikelege augo, — ein var nøydd til å taka hans ord
gode, anten so ein trudde dei eller ei.

Daniel misunnte fyren denne gåva til å greida seg.
Men han tenkte mest på Gamlen. Kunde ait folk taka
pengespursmålet som han tok det, so vilde verdi
langt-ifrå vera so vand å greida som ho var.

— Gamlen læste døri upp att; latintimen byrja.

Latintimar som desse hadde Daniel aldri drøymt um;
latinen vart beint fram åndfull. Ja sjølve grammatikken
kom det liv i. Det var som Haugum sa: Gamlen var
trollmann.

I dag fekk han fat i den fine staven til herr Presler
og sette seg til å «spela»; staven bruka han til boge,
og med den andre handi leika han uppetter ein innbilt
felehals som til den gildaste slått. Og so song han.
iAmo — amas —• amat — amamus — amatis —amant!»

— Gutane med, alle som kunde halda seg ålvorsame.
«Ska’ vi ta’ den engang til? — å ja, amo, amas, amat!
amamus, amatis, amant!» Men når gutane skulde greida
seg åleine — Gamlen sat berre og «akkompagnera» —,
so gjekk det i surr. «Nei; nå får jeg til igjen,» sa han;
og i veg bar det på nytt. Og då ikkje det heller hjelpte,
kasta han «bogen», treiv seg med fast fingertak i nosi
og las amo med eit mæle og eit andlet so gutane
stor-hauka.

Han hadde «knep» og påfynster utan tal. Men kor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free