- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
54

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

perlande falerner til klangen av lyre-spel; «det var noko
anna enn å liggja upp på Romerike og dyrka poteter,
det, Simon Husmo!»

— I Livius tok han i dag Lars Risvold upp; då
visste klassa at her vart gaman. Lars Risvold var ein
snild gut, men kunde kje noko. Han var av desse
bygdeljosi som gjekk her inne og streva år ut og år
inn og ingen veg kom; åt upp og øydde burt fyrst
det vesle dei sjølve rådde, og so alt som syskin eller
skyldfolk kunde skaffa, og sistpå kvar skilling dei kunde
låna i hop; for heime galdt dei for store ljos, og på
kyrkjegolvet hadde dei stade nr. i; fleirtalet av desse
enda på «Fabrikken».

Livius fortalde i dag um Lartem Porsinnam, «Dette
er netop noe for dig, Lars», sa Gamlen; *å hetter
Lartem i nominativ?» Men det kunde Lars ikkje greida.
Og Gamlen jamra: «ho er diger i dag»;— «ho» var
den trollmakti han slost med jamt: «Råheita». «Ja,
ja», la han til; «det er verste ti’a osså rå. Når ’a
kommer fra Ijellet om høsten, så er ’a feit, og så
rauter ’a; men jeg er fa’n pine mig inte redd for å gå
inn i båsen tel ’a lei jeg!» — han rette seg upp. Og
han dreiv på med Livius.

Men der umsette Lars Consilium med folkeforsamling.
Gamlen upp. s Stabba burtyver golvet; vreid seg og
jamra seg. «A Gud hjelpe meg arme mann. Det vert
ikkje råd å leva for meg i denne verdi! Dersom du
fekk høyra, Lars, at det var kome ein mann til byen,
som heitte Krag, og du so kom på gata og såg ei
kråke på ein hestelort, vilde du so taka luva av deg
og helsa på kråka og segja goddag, velborne herr Krag,
velkomen til byen? — Nei. — Men det er det du gjer
her, Lars! Du tek kråka for Krag, Lars! Hugsa no
det, Lars! Consilium med s er ikkje Conciliutn med c.
Å, eg arme mann! Å, desse karane som ingenting vil
læra! Eg kann likso godt tinga meg plass på
Mangels-gården ined det same!» Og han heldt fram med
gråtande mål og stor jammer: «A er consilium med s,
Lars? ’å er consilium med s, Lars Risvold? Consilium

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free