- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
55

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med s, det er samråd det, Lars Risvold! Det ei
samråd det, Lars. Hugsa no det, og lat ikkje ein gamal
mann svelta i hel for di skuld! — Men Concilium med
c,» sa han og vart stram, «det er rådsforsamling, det;
det er folkeforsamling, det, det er der Cicero talar mot
Catilina og Cato mot Carthago; hugsar du det, Lars
Risvold? — Ja set deg ned då, Lars! — oh ! oh! set
deg ned og skjem deg Lars, fordi du ikkje — oh! oh!
oh!» — Gammeln fekk ei astmatisk rid og hosta som
han skulde kovna — «ikkje kunde skilja millom — oh!
oh! oh!» —• Hosten tok makti.

Ein annan kom upp, og det gjekk likare. Men då
dei kom noko lenger ned — der stod: nisi, quanta vi
civitates libertatem expetunt, tanta regna reges defendant1
—, då stod han fast; han tok tanta til regna. Då bar
det uppatt med Gamlen. «Høyr, min snilde Halvor
Mosebø! Dersom du gjekk på ein veg og råka fyrst
ei fin dame, og so ein student, og so ein gris, og du
straks etter fann ein fin silkeparasol liggjande i vegen,
vilde du då gå med parasollen til grisen og segja:
undskyld høistærede, De har vist tapt Deres parasol?

— Nei Halvor, so tåpen var du ikkje. Du flaug i veg
til du råka den unge dama, og so bukka du og gjorde
deg blid; om forladelse, min frøken, men De har vist
tapt Deres paraply! Ja visst gjorde du det, Halvor.
Men her gjeng du til grisen med parasollen, tek tanta
til regna av di regna stend nærast. Men tanta høyrer
til vi; quanta vi, tanta vi, Halvor Mosebø!» Gutane lo,
men dei fylgde med. Og dei gløymde ikkje lett slike
«timar».

Sistpå kom Gammeln innpå innhaldet av det som
«Tarkvinius Superbus eller Tarkvinius storsnut» hadde
sagt, og heldt eit foredrag um Rom og romersk politikk,
som var det mest åndfulle Daniel hadde høyrt i si tid.
Endeleg reis han upp og slo ut med handi. «Nu er
vi færdige,» sa han høgtidsamt. «Nu er vi — ved Cudl

1 nisi—defendant: um ikkje kongane vil verja sine rike likso kraftigt
som borgarsamfundet søkjer fridomen . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free