- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
57

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og fram inn-under hus-rekkjone som fisk under ei åbredd.
Stundom kom det fjonge gjentor — heiltupp frøkner
var det visst — og såg på han med slike augo at han
vart reint varm um hjarterøtene; då kunde dei gamle
eventyrdraumane hans livna upp att. Men dei unge
frøknene gjekk alltid sin veg; og han høyrde aldri noko
ifrå dei.

Det var elles sjeldan han kunde driva ute; på
fabrikken fekk dei so vitlaust med leksor, at skulde ein fylgja
med, laut ein lesa både dag og natt. No lærde Daniel
seg dessutan til å røykja; det høyrde med til
student-lærdomen det au. Og so sat han si meste tid på
«hybelen» og las; røykte og las so det verkte i
hausen. Det var stridt, men det var karsleg; no kunde
han då kjenna at han studera. Byrg skreiv han heim,
at han las so det heiltupp røynde på helsa.

Av kjenningar frå gamalt hadde Daniel tvo, Ole
Bentsen og Peter Dirk; desse gjekk no i øvste klassa.
Peter Dirk var nokolunde den same, smålentug og
pynteleg. Men Ole Bentsen hadde vorte gudeleg her
inne. Han var komen til å bu hjå ein heilag skomakar,
fortalde Johannes Ortvedt; «og da han forstod at han
kunde fa bo for halv pris når han omvendte sej, så
omvendte han sej naturlig vis», meinte Johannes. Daniel
kunde sjå at Ole Bentsen hadde fenge eit anna lag.
Det rolege kjøtfulle andletet hadde stivt seg og strekt
seg og vilde vera ålvorsamt, og dei små gråkalde augo
streva med å sjå kjærlege ut. Og Daniel forstod snart
at Ole Bentsen gjekk med tankar um å frelsa honom
au. Dette vart brysamt. Daniel kunde ikkje umvenda
seg fyrr han hadde freista det ideelle studenterliv; men
at han tenkte so torde han ikkje vera ved; når då
Ole Bentsen tok til å tala um å akta på nådens tid,
so var Daniel reint ille faren. Endeleg skyna Bentsen
at guten var komen i hendene på Hans Haugum og
gav han upp; glad var Daniel.

— Vinteren var lang og leksone stride. Ein kunde
lesa både natt og dag, og endå var det rådlaust å
fylgja med. Daniel trøytna. A, at alt i verdi skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free