- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
59

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjekk frå morgon til kveld. Men kom dei inn på «store
spursmål», politikk, nasjonalitet, tru, kunde dei bli både
varme og heite. Alt frå fyrsto hadde dei skilt seg sund
i meiningsflokkar; der var liberale og radikale, der var
«norske» og «norsk-norske», kosmopolitar og målmenner.
Dessutan var der ein flokk «meiningslause», slike som
«ikkje brydde seg um politikk». I trui var der like eins
meiningsskilnad; der var grundtvigianarar, helst millom
seminaristane; og um Jens Rud og eit par andre vart
det sagt at dei skulde vera «nyrasjonalistar». Men uppi
øvste klassa skulde det jamvel finnast folk som ikkje
trudde på nokon ting.

Med slike gjekk det som det kunde. Det var ikkje
greidt. Dei kom til byen unge og fåkunnige; miste si
barnetru og hadde inkje å setja i staden; kunde då ikkje
alltid bera eit slikt tap. Det var ymist slikt å høyra
gjete. Haugum fortalde soleis um ein Rødberg, som
hadde slept seg so reint yver; mest endå verre meinte
Ortvedt det var med denne stakkars Olai Juberg; det
var ein av dei rette, det. Han såg so roleg og skikkeleg
ut, at ein skulde tru det var ein rein mors-unge; men
i lognaste vatnet var verste grunntrolli. No gjekk han
ikring med snau skolt og avblømt andlet og var visst
reint øydelagd. Daniel vart redd av å høyra slikt; han
sende ein løynleg sukk upp til Vårherre um at det ikkje
måtte gå slik med honom.

Av klassekameratane var det Hans Haugum han
kom til å lika best. Det var fullvaksen kar, den Haugum;
han hadde i fleire år vore skulemeister. Han var inne
i alt som høyrde den «folkelige vekkelse» til; i hans lag
fann då Daniel att mykje av det han hadde lært hjå
kapellan Hirsch og i grunnen levde på enno. Men han
torde ikkje visa seg varm i si «folkelege» tru; slikt vilde
korkje kapitalist Finsen eller grosserar Helle lika, um
det eikorleis skulde koma attfor deim.

Fleirtalet av desse som her gjekk, var folk som lånte
seg fram eller vart hjelpte. Berre ein og annan greidde
seg sjølv — Haugum, t. d., hadde spart seg i hop
lite-grand i sine skulemeisterår — eller hadde ein rik far

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free