- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
60

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

til å hjelpa seg, som Jens Rud. Dei fleste levde på
armodsvilkår, «sume med fire dalar månaden og sume
med ingenting», som det vart sagt; Daniel fekk ein
vyrdnad for desse «sveltekunstnarar» som mest vart til
ovund. Han tok til å skyna smått um senn, at berre
hugnad var det ikkje å stå i skuld, um det so var til
godt folk.

Sume av dei som «levde på lån» hadde eit mindre
godt ord; det gjekk stundom gale med dei. Ender og
då var det skrap reint ut: slusk som gjekk til prestar
og snilde folk og skrymta og laug, og sidan sumla burt
det dei fekk; millom fleire som skulde vera komne meir
eller mindre «på drift» vart serleg Rødberg nemnd.

At det var best når ein kunde greida seg sjølv, var
alle samde um. Det einaste var at ein kom noko upp
i åri fyrr ein nådde fram då, og at det ofte røynde
stridt mykje på helsa. —

— Var Haugum førar for dei folkelege, so kunde ein
endå meir segja at Jens Rud var førar for dei radikale.
Daniel trudde lenge at Jens Rud var ein presteson.
Han såg ikkje ut som bondegut; han hadde ikkje dette
breide, kraftige yver seg som dei; serleg var andletet
altfor fint, og munnen for klårt forma. Endeleg fekk
Daniel vita at Jens Rud var son av ein storbonde upp
på Romerike. Og endå kunde han vera radikal. Ja
han var målstrevar!

Til Ruds flokk høyrde Halvor Mosebø, ein liten
rund-ryggja gulbleik teledøl med ei nos som ein sål og eit
par myrkegrå, sturne augo, som syntest små under dei
hengjande, posne augneldki; men i augnekrokane glimta
det stundom; for Halvor Mosebø var eit kvikt hovud.
Daniel fekk imot han av di han kunde meir historie
enn han sjølv; men det gjorde at Daniel tok til å lesa
historie att. Dessutan «Sven Dufva», Per Brageland,
ein høg nakkebøygd gut med tvo klåre, redde
gaselle-augo, truskyldig og snild; «pugghest»; høyrde med til
desse maurane som tagde og streva, tagde og streva,
grov seg stilt gjenom bok etter bok, gjenom eksamen
etter eksamen, til dess dei fekk seg eit kall nordpå eller

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free