- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
64

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med slike blomar, og med eit lauv som skalv i
sumar-vinden som ei søt kviskring, fanst ikkje på jordi.

Men sidan laut Daniel på gjesting andre stader. Han
måtte til lensmannen; ug der laut han vera ikkje so
reint lite jaabæksk. Der var ikkje råd med det;
lensmann Ruste hadde gjort han so mykje godt. Og næste
sundag måtte han til grosseraren. Der var det endå
verre. Der var middagslag, og han måtte sitja på ein
stad der alle såg han. Og vart vist fram. «Hm, vår
protesje,» sa grosseraren. «Vi understøtter ham lidt.
Vil hjelpe ham frem, ser De. Bare bondegut; men gode
evner, sier rektor. Ingen manerer, som De ser; men
det kommer sig nok!» —• Daniel sveitta. Og det vart
ikkje betre, då ein av gjestene, som vilde vera
«behagelig», gav seg til å rosa grosseraren for denne hans
gode gjerning, og formana Daniel til å vera takksam
mot so «goddædig» ein mann. Daniel miste heile sin
mathug. Resten av middagen sat han og prikka i maten
og høyrde med halve øyro på at ein prest og ein skrivar
dømde livet av Jaabæk og jamra um kor magert det var
for embetsmennene.

So snart dei var komne frå bordet, vilde Daniel røma.
Men det fekk han ikkje. Han skulde «versgo ha kaffi».
Dessutan, la grosseraren til, hadde han godt av å vera
med i fint selskap, so han kunde læra folkeskikk. Daniel
laut «vera med*; grosserar Helle hadde bruk for protegeen
sin. Han vart utspurd um både eitt og hitt; og då dei
kom inn på politikken, sa den same «behagelige» gjesten,
herr pastor Ring, at han vilde vona Daniel ikkje var
jaabækianar. Daniel «hadde ikkje tenkt noko vidare yver
politikken», og det sa pastor Ring var rett; grosseraren
meinte au at ungdomen burde halda seg ifrå slikt. «Men
jaabækianar vert han no ikkje,» la grosseraren til med
ein smil. «So mykje tiltru hev eg til guten!» —

Hjå Finsen var det på ein annan måte; Finsen brydde
seg ikkje um politikk. Men so vilde han vita um Daniel
hadde funne frelsaren; det var ikkje greidt det heller
å vrida seg ifrå. Sistpå fekk han ei lang fyreteljing um
å søkja skaparen i sin ungdom. Og so kom Finsen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free