- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
66

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Meir enn nokon gong dyrka Daniel si huglagde møy
i sine einslege draumar. Den solskinsstundi i
klokkar-garden levde han uppatt og uppatt; og ut ifrå den dikta
han lange eventyr, som alltid slutta i ein kvit
prestegard millom grøne tre. Men då det leid utpå hausten
ei stund, vart desse draumane noko mindre heite.

Det kom ei ny tjenestgjente i huset. Flo var frå
Vestlandet og heitte Berta Maria. Det var ei skikkeleg
gjente, godsleg og snild, med eit andlet mjukt og rundt
og blidt og lokkande som ei pannekake. Daniel såg på
denne gjenta og lika henne. Tala ti! henne våga han
ikkje; men han lika å sjå henne. Snart tenkte han på
henne når han ikkje såg henne au.

Han vilde henne ingenting I Men hadde han kunna
noko av Bruviks kunster, so vilde han ha gjort seg kjend
med henne i all tukt og ære; for då hadde det vorte
so mykje hyggelegare på hybelen. Men Daniel kunde
ikkje Bruviks kunster. Han våga seg ikkje til å bjoda
Berta Maria so mykje som ein teaterbillett.

Men likevel var han glad for ho var her. Og sistpå
tenkte han mest likso tidt på henne som på Inga, Det
var på ein annan måte; for Berta Maria var berre ei
tenesttaus, og Inga Holm var idealet. Men han måtte
likevel undrast på at ho var so ofte i tankane hans.

— Det var uråd for Daniel å klara seg med dei
pengane han no fekk; han tok til å få smågjeld. Og
til sumaren laut han ha nye klæde au. Han skreiv til
lensmannen um dette, men fekk ikkje svar. Endeleg kom
det brev; men det var frå Finsen. Og denne skreiv,
at Herren i sin nåde hadde kalla lensmannen heim til
seg- Og Finsen torde segja at den gamle mannen i
sanning hadde fare med fred. Han tvila ikkje på at
den sjeli var frelst; og for det måtte me alle, og Daniel
ikkje minst, lova og prisa Herren.

Ja, Daniel kunde vera med på det. Men kor gjekk
det med dei nye klædi? Finsen skreiv ikkje eit ord
um dei. Derimot skreiv han um, at han no vart åleine
um å hjelpa Daniel. Og han skulde halda ut til artium;
men då fekk Vårherre hjelpa lenger. For frå hausten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free