- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
67

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

av skulde Finsen halda ein gut på misjonsskulen; og
meir makta ikkje han.

Daniel vart kald. Det syntest vilja laga seg so, at
når han endeleg ein gong nådde so langt at han vart
student, so skulde han på nytt lag koma på berran botn.

V.



«En! to! tre! Pu—ns!» — «En! to! tre! Pu–ns!»
Dei dundra takt med hender og føter, og friske unge
røyster ropa ordet ut av all si kraft; det steig som storm
og døyvde med velde det surr og det ståk som fyllte
halli som eit uroleg hav; russelagskvelden var komen.

Frå ende til annan var golvet sett med småbord og
krakkar; og kvart bord var sett med «russ», var svart
av russ. Russ og ikkje-russ, akademiske borgaremne
og borgarar. Men i kveld var dei russ alle, unge og
glade, unge og øre, tyrste på akademisk fridom og puns.

Det var ikkje russelag meir enn ein gong um året,
og det var ikkje ungdom i byen utan det var russelag.
Men då vart alt ungt som akademisk var. Vilde russen
drikka farvelskål med sin grønaste ungdom og lyftast
inn i det vaksne samfund med puns og song, so vilde
dei vaksne og gamle lyftast med puns og song inn i
ungdomen att, inn i den sæle tidi då det hadde vore
inngangen til livet å få drikka farvelskål med sin
grønaste ungdom.

Salen var fyllt. Enno gjekk det ein og annan
seinkomingen og trødde ikring millom frakkeskaut og føter
og søkte seg sæte; men dei fleste var komne til ro.
Ved bordi eller bordi. Der sat dei no og venta på
festen, rødde, ropa, hua, lo, jamta som kattar, gøydde
som hundar og skreik etter puns; og heile det tettsette
romet var ein båregang av hårfagre hovud og faste
aksler, av frisk ungdom og tyrst livsglede.

Seks hundrad støvlar og tolv hundrad stolebein
trampande på eit golv, seks hundrad hender trummande på
hundrad bord, tri hundrad halsar haukande, læande,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free