- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
68

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ropande, gøyande, og so ender og då gjenom alt dette
ståket eit veldugt, taktfast kor: «enl to! tre! Pu— ns!»

—• «en! to! tre! Pun–ns!» — det gav eit bulder, so

heile bygningen ljoma.

Men der var ungdom i ståket, so at jamvel dei suraste
skulemeistrane tinte upp og lo; og gamle høgvise
professorar sat og smilte so sælt og blidt som dei skulde
ha mist heile sin visdom.

Daniel var som drukken av alt dette gladlyndet. Han
sat i ein einaste lått. Kvar ein snudde seg var der leik
og gaman; alle skjemtegaukar frå alle skulane hadde
samla seg her, og kvar kunde sitt. Og alle dei
skjemte-fulle ord og ordtak og alle dei range spursmål og snøgge
svar og all den ravgalne latinen som flaug gjenom lufti
som ein nissedans! So fri som her hadde Daniel aldri
kjent seg. Kvardagslivet med sitt strev og sitt mas var
gløymt; folk hadde lagt tankane og sorgene etter seg
heime; morgondagen var ikkje til; gleda, gleda åleine
levde; dette var å vera student; dette var det ideale
studenterliv.

Men punsen gjorde seg drjug, og russen vart utolug.
Rundt heile salen reiste det seg rop etter gudedrykken;
der var ei Iramping og eit lurve-leven, so det var svært
godt å ha tjukke øyro. Ein ung fyr med eit blått band
på bringa ropa inn gjenom ei dør, at punsen trong si
tid, den med! — men han vart ikkje høyrd; kven brydde
seg um slikt prosatull.

Endeleg viste det seg ein skjenkjesvein; og straks
etter fleire; punse-kannor hadde dei og glas. Hurra!
Hurra! Alle hundar gøydde, alle hanar og gaukar gol;
men dei som måtte vera folk, klappa i hendene eller
hauka. Og med ein gong ljosna salen av hundrad
vittande hender og handkragar; alle vilde ha fyrst; «Pst!
hit» «Vov! vov! hit!» «Opvarter! Opvarter!» «Jens!»
«Kristian!» «Munnskjenk!» «Ganymedes!» «Pst! Pst!»

— og salen var å sjå til som ei kraumande maurtuve.
Utruleg snøgt kom det puns utyver til alle bord; og
Hans Haugum fekk ei kanne åleine til seg og sin flokk.

Og etter kvart som folk var forsynte, vart gleda minder

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free