- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
69

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skrålande, meir inderleg, vart liksom til ei småputrande
koking av småprat og lått, med eit og anna haukande rop
inn-imillom. Alle var samstelte um, at punsen var låk,
for søt og for slakk, berre noko skvip; men puns var
alle dagar betre enn inkje puns; og ein fekk taka det
att i «kvantiteten».

Daniel totte punsen var god, han. Men han heldt
med dei andre, då dei måtte vita det betre. Og han
sette upp ei skynarmine og sa til Aslak Fjordan, at
det var ikkje puns; det var berre sukkervatn.

Men der kom Magister bibendi.

Det var ein ung, høgvaksen gut med svært hår og
brunbleik hud; ein diger, djerv munn hadde han og
var aldri det slag redd. Han vart fagna med eit stort
skrål, smilte, bukka, tok seg ein slurk puns, sa hm! og
la i veg:

«Mine harrerl (all right! hurra!) Snart — er den dag
kommen — (hurra!) da vi — for alvor — kan sige farvel
(kykeliky) — til den tid (jubel, remjing) — til den tid
(vov! vov! vov!) som visst de fleste av oss — mer enn
en gang . . . eh! eh! eh!» — Talaren laut hosta. Han
svelgde hosten med ein slurk puns og vilde byrja att;
men no hadde heile salen fenge hoste. Eh! eh! eh!
oh! oh! ohl hosta det frå alle kantar og krær som i
ei kyrkje på nyårsdag, og sistpå tok ein til å njosa —
uih! uøyh! — so det song i veggjom ; fyren vilde tydeleg
få magister bibendi med til å njosa; og han naus og
naus, meir og meir hjarteleg, meir og meir forførande:
uih! he; uih! he; — men magister lét seg ikkje lokka.
So snart hostingi og låtten hadde stilna nokolunde,
hogg han i att som ingenting var, skrikande på med
sine breide vokalar og harde rivande r’ar, so det kunde
høyrast under ein foss:

–segja farvel ti! den tidi, som dei fleste av oss

— visst mang ein gong–på vår gute vis (æh?

vov!) hev forbanna (bravo! bravo! bravo!) som ei
træl-domstid (mja-au). Faustis avibus1 (hurra!) vil me no

— um få dagar — vera vaksne (kykeliky!) og frie menner
1 Faustis avibus: um alt gjeng vel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free