- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
70

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— vera studentar, mine harrer, norske studentar! — Langt
jublande ståk; hurrarop, hauking; langt nedi ei krå gol
ein gauk.

Talaren la med mange ord og likningar ut den store
skilnaden millom fyrr og no, og Daniel forstod han so
godt: grunnskilnaden var, at skuleguten var noydd til
å arbeida, men studenten kunde gjera som han vilde.
Studenten arbeidde, når ånden var yver han, «når
Minerva vilde» (Bravo!) «og når Minerva ikkje vilde,
mine harrer» (so vil Venus! kykeliky!), — «so hadde
studenten det store præ, at han sjølv rådde yver si
fritid («skål!» «hurra!» tPcreat rector!*). Og det vilde
segja, at frå no av var me haldne for myndige menner.»
Talaren drakk. Ålmenn jubel.

Då han skulde til att, kunde han ikkje koma til ords;
alle hundane gav seg til å gøy; dei skyna at no vilde
han innpå det ålvorlege. Vov, vov! «Og no, mine

harrer» — vov, vov! — *Og no, mine»–*Silen-

tium!> skreik magister med fælt mål; og det hjelpte.
Han gav seg til å leggja ut um ansvaret ved å vera
«myndige menner»; og det fekk han gjera nokolunde i
ro. Når samfundet «slepte oss lause», meinte han,
so gjorde samfundet dette i den trui, at me var vaksne
nok til å vera våre eigne skule- og tuktemeistrar; og
i den trui burde då samfundet ikkje svikast. Talaren
gjekk sistpå yver til ei skildring av den sanne
studenten, ei skildring, som vann stort samtykke, av Daniel
ikkje minst. Den sanne studenten var fyrst og fremst
ikkje «materalist»; han lét kræmaren syrgja for det
som høyrde gryta til; sjølv levde han for det sanne,
det fagre og store; den sanne studenten var ikkje heller
«melankolist»; han lét kvar dag ha si plage, og elska,
som Dr. Morten Luther hadde sagt, «piger, vin og
sang» yver alt («Hurra!» «Fanden spare!»). Endeleg
var den sanne studenten — trulova. Men her kom
talen mest burt i jubel og «skåling»; Daniel drakk stilt
for seg sjølv ei skål for Inga Holm — som han i kveld
åleine vilde minnast —; magister skreik seg reint
mållaus, fyrr han nådde til endes på talen sin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free