- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
72

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som hadde kunna få segja so vidt mykje i so vidt
samanheng under alt dette ståket. Daniel heldt med
Haugum. Det var forunderleg, at ein so ung gut kunde
stiga fram og tala so vidt godt i so stor og kritisk ei
forsamling.

Punsen var god; Daniel vermdest. I fyrstningi hadde
han tenkt litegrand på far sin; men det slo han ifrå
seg att; det var skil på å drikka puns i eit russelag
og å drikka kornbrennevin millom bønder. Brennevinet,
det øydela sin mann; men punsen høyrde med til det
ideale studenterliv.

Og det forstod han klårare og klårare, di meir han
drakk. Aldri hadde han kjent seg so god og rein, so høgt
lyft yver all armodsdomen og råskapen i verdi. Ja etter
kvart kjende han seg so ideal, at han brydde seg ikkje
um sine pengesorger heller.

Den einaste kjensla som levde i hans barm, det var
kjærleik, kjærleik til alle på jordi og serleg til dei han
var saman med her i kveld, men aller mest, aller mest
til Inga. Henne vilde han snart skriva friarbrev til —
det stakk so underleg i bringa når han tenkte på det —;
og skål etter skål drakk han for henne i løyndom.
Berta Maria vilde han ikkje tenkja på i kveld; i kveld
varo han russ; og ein russ skulde tenkja på idealet,

A, so takksam han kjende seg mot Vårherre, som av
si miskunn hadde hjelpt han fram, so han no — han,
bondeguten frå Sørbraut i Nes sokn — fekk smaka
denne høge gleda å vera med, um det so berre var for
denne eine kvelden, i det ideale studenterliv. Det var
sant at visdomsrøtene var sure. Men frukti var søt etter
måten; søtare enn han rett hadde visst. — På
talarstolen stod det ein ny mann, ein gamal fredeleg herre
å sjå til, med gråkvite hårduskar uppyver ein halvsnau
skolt, og med eit par underlege horngluggar til augo.
«Professor Darre!» kviskra Hans Haugum. «Professor
Darre! Professor Darre!» kviskra det frå øyra til øyra
i salen, og ut på svalgangen, og langt ned i hagen;
flokk etter flokk kom inn att med punseglasi i neven
og augo i hårgarden; det vart ropa bravo; heile salen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free