- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
75

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det kom tidsnok. Det tunge og tankekløyvande strev,
med dei tusund einskilde ting som ein laut læra, so
det heile kunde forma seg fram klårt og artikulera, det
høvde betre noko seinare, då ein hadde meir kraft til
å dukka under i det einskilde og likevel halda fast
på det ålmenne. Ikkje for det: den eldre alderen i
desse tider gløymde tidt nok det ålmenne, den med,
dukka so djupt i det einskilde at han bleiv der. Ja sjølve
vitskapen var åt å bliva i denne djupni. Det var nettupp
ei tid no, då alt slag servitskap gjorde seg breid og
vilde gløyma sitt samanheng med det ålmenne;
professoren bad sine unge vener akta seg vel for å koma uti
dette. All serkunnskap var i seg sjølv daud og åndlaus.
Det var ikkje kunnskapar um ditt og um datt som gjorde
ein mann til vitskapsmann; det som det galdt um, var
synet på det heile, gåingi av dei store, ålmenne grunnar,
av den store, ålmenne samanheng (bravo!) Men no
trudde professoren, at ein av grunnane til at dei
studerande so lett vilde gløyma seg burt i den åndlause
servitskap, var at studentane ikkje i dei fyrste åri visste
å bruka tidi si rett, men kasta seg yver serstrevet straks,
og trudde det galdt å stuva i seg so mykje kunnskap som
mogeleg. Men det skulde dei nettupp ikkje gjera. I
dei fyrste åri skulde dei taka det i mak (bravo! bravo!)
og leggja meir lag på å leva eit friskt og idealt
studentliv — eit ungdomsliv i ljoset frå dei ævlege ideal —
enn på å lesa lærde bøker. Dei skulde bruka tidi til
å umrå seg, sjå seg um, finna seg til rettes i den nye
heimen, vinna yversyn og utsyn yver dei vidder der
dei sidan skulde vandra; njota sin ungdom skulde dei,
,men njota som studentar, som åndsvigde sveinar i ideens
presteskap, som cives academiri.1 Og det var det herlege
ved å vera ung student; det var det sanne innhald av
russegleda, av fagnaden og festen her i kveld (stort
samtykke). Og so vilde då endeleg professoren slutta
med eit leve! for den studerande ungdom. «Hurra!»
«Hurra!» ropa dei salen rundt; sistpå døydde ropingi
burt i ei lang, brakande klapping.

1 cives academiri: akademiske borgarar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free