- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
76

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Etterpå vart professoren boren på gullstol; Daniel
hadde aldri set slikt fyrr og totte det såg tåpeleg ut.
Men klappa gjorde han som dei andre; for det siste
stykket av talen hadde han lika framifrå.

Han arbeidde seg attende til bordet sitt og smaka
på punsen. Modig var han og glad. Verdi var so
hyggeleg, og folk var so snilde. Han fekk slik hug
til å tala med dei, tala ut med dei; segja si hjartans
meining til dei, og få høyra deira hjartans meining att;
og helst hadde han hug til å tala med sin kjære ven
Haugum. Men Haugum stod langt burti salen og rødde
med ein framand fyr, — ein stor tosk såg det ut til,
totte Daniel; og Aslak Fjordan var komen inn i eit
anna lag ved eit anna bord; der sat han og gjorde
slikt eit ståk, at Daniel lo med seg og tenkte i hjartans
glede, at Aslak visst alt var full. Men Ortvedt var
ingenstad å sjå. So sette Daniel seg til å venta. —

— Der kom Markus Olivarius Markussen og Halvor
Mosebø kryssande hit millom bordføter og støvlar;
ustøde var dei visst sjølve, og seint gjekk det; men
Markus Olivarius Markussen lo i høgan sky.
«Ha-ha-ha-ha! Sjøgang i dag! Og forb-banna mange vrak!» —
han hermde ei kjend rispe. Då Halvor kom framtil
Daniel, helsa han med stor glede; treiv handi hans og
gratulera sin «Busenfrynd»1 utan ende; og Daniel, som
elles aldri hadde kunna lika Halvor Mosebø, vart likso
glad; drog han nedpå stolen ved sida av seg, og lo
av di Halvor var full. Det var so morosamt å vera ung
og slå seg lausl Og Daniel kjende ein urimeleg hug
til å leggja armane um halsen hans Halvor og sverja
han venskap til æveleg tid; men Halvor spurde etter
puns, han. Og der var puns nok. Dei fyllte glasi,
sa «skål» og drakk. «Nå, hvad sier De om —» tok
Daniel i; men Halvor Mosebø tok til å syngja med sitt
vesle visne mål: «Hev du set noko til kjeringjé mi —
uppe i lié, lié!» — «Hæ-hæ-hæ», lo Daniel; «men hvad
sier De om —?» — «Jej æ bondegut, jej, ser du!» sa
Halvor, — «Bondegut, jej, ser dul Jej æ fra Telle-

1 Busenfrcund: hjartans-ven.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free