- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
77

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

marken, jej, ser du!» — Ja, det var bra det, meinte
Daniel; han for sin part var 6g son av ein gardbrukar.
«Hev du set noko til kjeringa mi —! —Ska mi drikke
dus?» sa Halvor Mosebø. «Ja vel! all right h —
«Bondegutar båe tvo!» — *All right h ■— «Skål du!» —
«Skål!» — «Æh! — Kor fanden vart det av Olivar
. . . Markus Oliv . . . Kjenner De Markus Olivarius?»

— Daniel lo; no hev han alt gløymt at me drakk dus,
tenkte han. Nei; Markus Olivarius kjende han då ikkje
noko vidare. «Men hvad sier du om russetalen?» —
endeleg fekk han spursmålet sitt fram. «Um russetalen!
God tale det, far! God tale det, far!» — «Ja det synes
jej og. Men ...» — «Ja der var mykje skrap au;
gudbevar’s!» — «Ja; mykje av desse vanlege
talemåtane —«Ja visst, ja visst ... — Kjenner du Markus
Olivarius?» — «Nei dessverre, ikkje stort ...» — «Pine!
staut gut. Pine! staut gut. Ja, anten du vil tru meg
eller ei ... no hev me butt saman i halvanna år; og
dersom det hev falle so mykje som . . . so mykje som
eit halvt ord! — Ja, det er ein merkeleg kar.» — «Ja,
det er det visst. Men du —?» «Nå?» — «He-he; ja,
det er ein ting som du aldri hev visst ...» — «Visst?
Eg veit allting, eg. Kom ikkje der! Veit du kva år
det var Filip den 4de ...» — «Ja, der er det just!
Veit du at eg lenge var din verste uven, av di du
kunde meir historie enn eg, he-he-he?» — «Skål!» —
«Ja, lat oss få litt å drikka fyrst ...» — «Du habst
Rekt, min son. — Skål! — Ja, historie kann eg; kom
ikkje der. — Hev du set noko til kjeringa mi, uppe i
lia, i lia? — Kor fanden vart det av Mark Oliv?» —
«Å han kjem vel; han er berre utpå verandaen. — Det
er sant, kva var det du fekk?» — «Eg? Eg fekk —»
og Halvor slo i bordet for kvart ord —; «eg fekk
dægeren tuti meg 3, 4! — men den fireren skal dei
få betala, skal dei! . . . men eg er like god gut for det,
eg . . . men dei skal få betala det! Skarvepakket! —
dei ska! få minnast Halvor Mosebø! Her er guten som
ikkje let seg flå med navaren . . . skal dei få sjå. Skål!»

— Daniel visste ikkje kva han skulde segja til dette.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free