- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
78

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvor sat og sturde; so skreik han upp; «Hev du set
noko til kjeringjé mi f» Straks etter sa han: «De fekk
2, 2, De» — «Nei, 3, 3.» — «Åhå. — Skål, gamle
busen-frynd! — Skal me drikka dus?» — Daniel to; «me drakk
just dus,» sa han. — «Du habst immer Rekt», sa Halvor;
«i kveld er eg full, ser du! Men det gjer ingen ting!

— Odelsbonde, ser du! Telebonde, ser du! Kom ikkje
der! — Kor fanden vart det av Markus Olivarius?» —■
Han reiste seg og skeivla ut; Daniel ropa etter han,
men han høyrde det ikkje.

Det var kome meir uro i folk; mengdi var på føtene;
det var eit jamt drag ut og inn dørene. Millom det
som drog att og fram der såg Daniel ikkje so få
bondestudentar; underleg nok: ein kunde mest sjå det på dei.

Halvt attum seg totte Daniel han høyrde eit mæle
han kjende; han snudde seg og såg; det var magister
bibendi. Han stod og tala med den same «tosken», som
Haugum hadde rødt med for eit bil sidan, og «tosken»
spurde um magister hadde vore redd, då han skulde
upp og tala i kveld. «Jagu va jæ redd !» svara magister.
Daniel vart sitjande reint einstird: Fyren hadde mod
til å seg ja at han hadde vore redd!

Ein ny mann på talarstolen. Han tala for «dei gamle».
Det var ein mann med godt mæle og med mange ord
som klang godt; men Daniel fekk so lite meining i det
han sa.

Endå ein ny! Men det var ein sovoren kar, at Daniel
aldri hadde tenkt han skulde få sjå slik syn i eit ideelt
studentlag. Som han kom hivande upp på talarstolen
slurveleg og slengen, skeiv i alle sine rørslor, med eit
langt, skakt bondeandlet og skygge augo under
framskotne bryn, visste Daniel ikkje kva han skulde likna
han med. Men for denne underlege mannen gav salen
seg til å ropa hurra og klappa, og gjenom dunderet
høyrde Daniel ei gnell røyst som ropa: «Leve Dølen!»

So dette var Dølen!

Daniel kjende seg eit grand rar der han sat, litt
tanke-slørd, litt tung yver augo . . , men no vart han kvik
att; han fiaug upp; kjende seg noko lett i føtene, men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free