- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
80

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so som det var sagt, so kom han gjerne med ein sleng
på det til slutt, som minte folk um Dølens «tvisyn».
Men stundom kom han med tankar, som var so
forunderleg mjuke og fagre, at ein reint gløymde Dølen
og berre såg diktaren.

Kvinna var fred, sa han, — endå dei gifte mennene
tidt sa noko anna. Ho var fred, av di ho var gagnet\
ho såg på det nyttige, på maten til seg og borni, og
var difor på sitt arme liv for at mannen skulde koma
ut i ufred eller uferd på nokon kant og dermed gjera
seg ufør. Difor måtte alle åndsmenner, alle som vilde
strida og ofra seg for ein tanke eller ei sak, — dei
måtte vera sveinkallar liksom han, so at ingen brydde
seg um anten dei flaut eller sokk; for då var det ikkje
vandare i dei.

Men sjølvsagt vilde han ikkje ynskja noko so stygt
som at alle desse fagre unge gutane her skulde bli
sveinkallar; det vilde vera synd både for dei og for den
arme kvinna, som nok altfor gjerne vilde gifta seg,
stakkar, endå ho jamt gjekk og gjorde seg strengbedi
og slo på nakken, so lenge ho ikkje var yver 30 år.
For kvinna var kjærleik; ho var skapt til å gifta seg;
og slik som I10 no vart upplærd, so dugde ho ikkje til
anna heller, og lite til det med. Mannfolki elska nok,
dei og; det fekk me sveinkallar kjenna, som alltid elska
og ikkje fekk; men det var på ein annan måte, det;
det var som rovfuglen med skinn og bein og senar og
segar og krokute nebb og klo. Men kvinna elska som
ho var skapt til: lik bylgja som trillar på det kolblåe
hav i sitt avrunne og uendelege mønster for all venleik.

— «Ja> g’ft dykk, gutar! men gift dykk med vit, og
fljug ikkje stad og tak dykk ei kone fyrr de kann føda
henne; for då gjeng det gale, som me jamt ser. For
kvinna vil med all sin elskhug ha mat, og det hev ho
rett i >

Han sa mangt um elskhug og mat, som Daniel fann
lite poetisk. Men kvar gong han skulde til å forarga
seg yver dette, kom det ein sleng i talen som gjorde at
han måtte læ. Og han lo og klappa som alle dei andre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free